
Runde 1: Endeleg seriestart!
Ventetida er over - No byrjar OBOS-ligaen 2025! A-laget
Start - Sogndal
-
Måndag 31. mars kl. 19:00
-
Sparebanken Sør Arena
-
OBOS-ligaen 2025, runde 1
Verdas lengste oppkøyring er over, og norsk fotball er endeleg tilbake! OBOS-ligaen sparkast i gang i morgon, og me er klare!
Årets fyrste kamp spelast mot Start i Kristiansand. Azar Karadas & co står på motsett side, og no skal det kjempast om poeng. Dette blir Luis Pimenta sin fyrste offisielle kamp som Sogndaltrenar, og me gler oss til å sjå karadn i akjson.
Før avreise tok me ein prat med Martin Høyland og Mathias Øren. Begge gler seg til seriestarten, og håpar å sjå deg på bortefeltet:
Den fantastiske kjensla av å sjå ballen gå i mål, og å høyre jubelbruset på Fosshaugadn har me sakna. No er ventetida over, og me ladar opp med eit tilbakeblikk frå sesongen i fjor:
Kampen visast på Tv2 Sport 1, Tv2 Play eller på Sogn Avis/Direktesport! Me håpar også å sjå supportarar i svart og kvitt på eit solfylt bortefelt i Kristiansand!
STAO NO PAO!