Runde 14: Sogndal - Kongsvinger

Det er klart for årets folkefest når me tek i mot Kongsvinger på eit fullsatt Fosshaugadn!

Sogndal - Kongsvinger

  • Laurdag 22. juni kl. 17:00

  • Fosshaugane Campus

  • OBOS-ligaen 2024, runde 14

Me har passert 3500 solgte billettar, og det er framleis 2 dagar igjen til kampen mot Kongsvinger. Me skal fylle Fosshaugadn og farge stadion i svart og kvitt! Dette blir ein skikkeleg folkefest, og ein kamp du ikkje kan gå glipp av!

Kjøp billett her!

Serieleiar Kongsvinger har hatt ein bra sesong til no, og står med 25 poeng på 13 kampar. Som for dei fleste laga i OBOS har også Kongsvinger særs varierande resultat. Sterke sigrar som 0-2 borte mot Vålerenga og 3-1 heime mot Bryne står i stor kontrast til tap som 0-5 heime mot Åsane og 5-0 borte mot Stabæk. Kongsvinger har scora 26 mål, men sluppe inn heile 24 mål på 13 kampar. 9 av baklengsmåla har komme i dei to siste serierundane etter 4-4 mot Aalesund og 0-5 mot Åsane. Me får besøk av eit lag på jakt etter revansje, og Kongsvinger blir ein tøff motstandar på laurdag.

Karadn kom seg tilbake på vinnarsporet i Oslo og kriga med seg 3 poeng heim. I fyrsteomgang scora ein dei nødvendige måla for å ta leiinga, og i andreomgang forsvarte dei seg med høg klasse. Å ofre alt for å unngå baklengsmål blir viktig også når Kongsvinger kjem på besøk. Etter ei roleg restitusjonstrening på måndag fekk spelarane ein dag fri på tysdag. På laurdag skal dei vere 100% klare for ein siste kamp før ferien!

Det er Lerum Cup i Sogndal i helga, og det betyr mykje folk. Me forventar mykje folk på kamp, og gler oss til å sjå Fosshaugadn i svart og kvitt! For å unngå kø anbefalar me å komme tidleg til stadion, og om mogleg å la bilen stå heime. Skraol Pub er diverre ikkje open denne kampen då lokalet blir brukt til overnatting under Lerum Cup.

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: