Runde 15: Ranheim - Sogndal

Endeleg klart for OBOS-ligaen igjen!

Ranheim - Sogndal

  • Laurdag 20. juli

  • EXTRA Arena

  • OBOS-ligaen 2024, runde 15

Sommarpausen er endeleg over og karadn er i gang med førebuingane til neste kamp. På laurdag møter me Ranheim på bortebane, og OBOS-ligaen er i gang igjen!

Førre laurdag spelte karadn treningskamp mot Stabæk på Nadderud. Her fekk dei testa formen etter ferien, og det vart ein god kamp mot dei blå og svarte. Det enda 3-3 etter at me kom tilbake i kampen tre gonger. Etter berre 8 minutt tok heimelaget leiinga, men kort tid etter satte Óskar Borgþórsson inn utlikninga. Til tross for mange store sjansar og spelemessig overtak stod det 1-1 til pause. I andreomgang tok Stabæk leiinga til både 2-1 og 3-2, men innbyttarane Isaac Twum og Andreas Kalstad utlikna kvar sin gong. Det vart altså ei god gjennomkøyring før alvoret tek til for fullt.

Vår neste motstandar tok ferie på stigande form og vann dei to siste kampane før pausen. Før oppstarten har Ranheim også spelt treningskamp. Borte mot Stjørdals-Blink vann dei 4-1. Tabellen viser oss at Ranheim står med 17 poeng på 14 kampar, noko som betyr 10. plass. På heimebane står dei med 3 sigrar, 1 uavgjort og 2 tap. Dei har blant anna vunne 3-0 heime mot Stabæk, og me veit at Ranheim kan vera eit godt lag. I fjor enda det diverre med tap både heime og borte, men det skal me gjera noko med på laurdag.

Me håpar det dukkar opp mange svart- og kvitkledde supportarar på bortefeltet på laurdag. Me treng all den hjelpa me kan få i kampen om 3 poeng, og skal gi alt for at haustsesongen byrjar med siger. Kanskje kan ferieturen kombinerast med fotballkamp? Saman med dykk går me for 3 poeng og jubel i Ranheimsfjæra!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: