Assistenttrenar Nils Tore Krosshaug i aksjon på Fosshaugane Campus. Her i gang med førebuing av den neste øvinga

Runde 16: Sogndal - Start

Me er klare for å ta i mot Start på Fosshaugadn!

Sogndal - Start

  • Laurdag 27. juli kl. 16:00

  • Fosshaugane Campus

  • OBOS-ligaen 2024, runde 16

Det vart eit tungt tap mot Ranheim, men heldigvis er det ein ny kamp allereie på laurdag. Me får besøk av Start til den 16. runden av årets OBOS-liga, og det er ein revansjelysten gjeng som er klare for kamp. 

Kjøp billett her!

OBOS-ligaen 2024 er halvspelt, og med nokre få unntak har alle møtt alle. Me går no inn i den siste halvdelen av sesongen, og fyrste motstandar er Start på Fosshaugadn. I mai enda det med eit surt 2-1-tap i Kristiansand. Etter ein god kamp med mange store sjansar var det heimelaget som stakk av med sigeren 7 minutt på overtid. Det var dei små detaljane som gjorde at me reiste tomhendt heim, og karadn er klare for å revansjere tapet.


Start har framleis ikkje komme skikkeleg på vinnarsporet, og står berre med 3 sigrar i årets sesong. På tabellen ligg dei på 14. plass, og kjempar om å jobbe seg oppover til ein tryggare plassering. Før ferien kom det ein imponerande siger mot Egersund før Raufoss vart for sterke på Toten. Førre laurdag var det Vålerenga som var på besøk i Kristiansand, og dei sikra 2-1-sigeren 7 minutt på overtid. Eit tungt resultat for Start, men dei viste at me kjem til å få ein tøff kamp på laurdag.

Me reiste som kjent tomhendt heim frå Trondheim. Det vart ein tung start etter ferien, men karadn er klare for å slå tilbake. Allereie på bussen heim byrja førebuingane til ny kamp, og både spelarar og støtteapparat skal vera 100% klare på laurdag! Etter trening på torsdag fekk me ein prat med assistenttrenar Rune Bolseth:


Me treng også hjelp frå deg på tribuna. Det er lenge sidan førre heimekamp, og no er me endeleg tilbake på Fosshaugadn. Ta med vennar og familie og kom på kamp! Med god stemning på tribuna presterer karadn på sitt beste!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: