Runde 25: Stabæk - Sogndal
Ny bortekamp i OBOS-ligaen A-laget
Stabæk - Sogndal
-
Laurdag 28. september kl. 16:00
-
Nadderud Stadion
-
OBOS-ligaen 2024, runde 25
Me omstillar og fokuserer på neste kamp. Allereie på laurdag møter me Stabæk på Nadderud, og no er det på tide å ta 3 poeng!
Stabæk har i likskap med oss hatt ein sesong med store opp- og nedturar. Imponerande sigrar mot Vålerenga, Bryne og Kongsvinger og grusomme tap som 7-1 mot Lyn har vore innhaldet i sesongen so langt. No ligg dei på 15. plass på formtabellen etter 4 strake tap og ein uavgjort mot Åsane. Hovudtrenar Bob Bradley har vorte erstatta av Bjørn Helge Riise, men det vart tap mot Egersund i den fyrste kampen med ny trenar.
Bassekou Diabaté er toppscorar for Stabæk med 14 mål. Oskar Spiten-Nysæter og Sebastian Olderheim står med 9 og 6 scoringar. Oversikta over målgjevande pasningar viser at Sebastian Olderheim toppar lista med 6 stykk. Stabæk har tatt mesteparten av poenga sine på heimebane og står med 6 sigrar, 2 uavgjorte og 4 tap på Nadderud.
I heimekampen mot Stabæk enda det med eit surt tap. Oliver Hintsa sendte oss i føringa etter eit minutt, og Martin Høyland utlikna til 2-2 igjen i andreomgang. Diverre stakk bortelaget av med alle poenga når dei avgjorde 7 minutt før slutt. I sommar møttest me til treningskamp på Nadderud, og den kampen enda 3-3.
Me har hatt ei stygg rekke med tap, men støtta frå tribuna har framleis levert. Me treng verkeleg vår 12. mann for å klare å snu trenden, og me håpar å sjå deg på Nadderud på laurdag.
STAO NO PAO!