Runde 27: Mjøndalen - Sogndal

Tilbake etter ferie og endeleg klare for ein ny kamp i OBOS-ligaen!

Mjøndalen - Sogndal

  • Måndag 21. oktober kl. 19:00

  • Consto Arena

  • OBOS-ligaen 2024, runde 27

Karadn er tilbake frå ein liten ferie og er godt i gang med treningane igjen. Det gjenstår 4 kampar av sesongen og det er no det verkeleg gjeld! På måndag er OBOS-ligaen i gang igjen, og me møter Mjøndalen på Consto Arena!

Mjøndalen er godt inne i nedrykkskampen og kjempar for forlenga kontrakt i OBOS-ligaen. Etter 26 spelte rundar har dei sanka 25 poeng og ligg på 15. plass på tabellen. Nyleg beslutta NFF sitt doms- og sanksjonsutval at Mjøndalen får eitt poeng i trekk etter bruk av ein spelar som skulle hatt karantene i sigeren mot Ranheim tidlegare i år. Om dommen ikkje blir anka og omgjort står Mjøndalen med 24 poeng på same tabellplassering.

Vårt førre møte med Mjøndalen var i den aller fyrste heimekampen for sesongen. Det vart også vår fyrste siger i OBOS-ligaen 2024 etter at Daniel Arrocha og Edmund Baidoo sikra jubel på Fosshaugadn. Midtstoppar Arrocha var sikker frå straffemerket og scora på to i løpet av berre 3 minutt! Baidoo fastsette resultatet til 3-1 i andreomgang og det var god grunn til å smile etter kamp. Sjå høgdepunkta frå kampen her:


Mjøndalen møter Sogndal (H), Egersund (B), Stabæk (H) og Raufoss (B) i dei 4 siste kampane. Dei må ta minimum 3 poeng, og truleg meir, for å karre seg til sikker plass på tabellen. Me er førebudde på ein tøff kamp og skal gjere alt me kan for å endeleg ta ein siger. Mathias Bringaker er toppscorar for Mjøndalen med 7 scoringar. Same mann har også flest målgivande pasningar og har vore nest sist på 4 scoringar i år. Mjøndalen har tatt 14 poeng på heimebane og 11 poeng på bortebane, og målskilnaden er betydeleg betre på Consto Arena enn ute på tur. Det skal me gjere noko med på måndag!

Morten Kalvenes kom inn som ny hovudtrenar for oss før landslagspausen. Den fyrste kampen enda diverre med tap mot Aalesund, men me har stor tru på at han og støtteapparatet får fart på karadn allereie mot Mjøndalen. Dagleg leiar Gisle Olsen og Håvard Flo prata blant anna om korleis det ser ut på treningsfeltet i denne vekas "Sofapraten med Gisle":


Me har hatt god støtte frå supportarane den siste tida, og sjølv om resultata har vore dårlege er dei alltid på plass. Me håpar å sjå dykk også i Mjøndalen og lovar å gjere alt me kan for å ta sigeren. Saman med dykk på tribuna er det 100% innsats som gjeld, og no er me klare for å snu trenden. Kle dykk i svart og kvitt, ta med både vennar og familie og ta turen til Consto Arena! 

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: