Runde 29: Kongsvinger - Sogndal
Årets siste bortekamp i OBOS-ligaen går borte mot Kongsvinger! A-laget
Kongsvinger - Sogndal
-
Laurdag 2. november kl. 16:00
-
Gjemselund Stadion
-
OBOS-ligaen 2024, runde 29
OBOS-ligaen 2024 går mot slutten, men det er framleis mykje som står på spel. Det er 6 poeng igjen å kjempe om, og me treng poeng for å sikre oss ein plass i OBOS-ligaen 2025! På laurdag møter me Kongsvinger på Gjemselund, og karadn er klare for å kjempe om poenga!
Kongsvinger ligg førebels midt på tabellen, men dei har kort veg til opprykkskvalifiseringa. 41 poeng er nok til 8. plass med to rundar igjen, men ein siger kan sende dei forbi både Raufoss og Stabæk. Kongsvinger kjem frå tap mot Stabæk og uavgjort mot Raufoss i dei to siste og er truleg revansjelystne før deira siste heimekamp i år.
Kongsvinger har scora 43 mål i år og toppscoraren er Lucas Ravn-Haren med 9 av dei. Jesper Grundt med 6 scoringar og veteran Adem Güven med 5 bidreg også med offensive bidrag for dei raude og kvite. Lucas Ravn-Haren står i tillegg med 10 målgivande pasningar og er Kongsvinger sin soleklare målpoengkonge!
Sist me møtte Kongsvinger var det full fest på Fosshaugadn! Felix Eriksson og Edmund Baidoo sikra ein herleg 2-0 siger framføre over 4000 på stadion. Det var ei flott oppleving, og me håpar på å gjenskape den kjensla no på laurdag. I mellomtida kan ein mimre tilbake med å sjå høgdepunkta i videoen under:
Trenarteamet har jobba godt med karadn den siste veka, og førebuingane inn mot kampen ser bra ut. Etter treninga torsdag fekk me ein prat med hovudtrenar Morten Kalvenes og Jacob Blixt Flaten.
Me håpar sjølvsagt på god støtte frå bortefeltet i Kongsvinger. Det er mange med hjarte i Sogndal som bur på austlandet, og no treng me verkeleg støtta frå alle og einkvar. Sjansen for poeng er større med hjelp frå supportarane! Kom på kamp!
STAO NO PAO!