Runde 4: Me går for årets fyrste siger på Fosshaugadn!

Odd er vår neste motstandar i OBOS-ligaen!

Sogndal - Odd

  • Måndag 28. april kl. 19:00

  • Fosshaugane Campus

  • OBOS-ligaen 2025, runde 4

Me har 3 sigrar på rad, og kjem frå 4-0 i cupen mot Sandviken. No ventar ein ny heimekamp når Odd kjem på besøk til Fosshaugadn! Me jaktar årets fyrste siger på Fosshaugadn!

Odd har fått ein ok start på sesongen etter nedrykket, og i serieopninga tok dei 3 poeng heime mot Skeid. I runde 2 vart det derimot tap mot opprykksfavoritt Lillestrøm på Åråsen, og i den 1. runden av cupen gjekk dei på ein skrell mot 3. divisjonslaget Flint. Feilskjæret vart fulgt opp av siger mot Lyn, som betyr 6/9 moglege poeng til no.

Det er Knut Rønningene som er trenar for laget frå Skien, og han overtok ansvaret etter nedrykket i fjor. Odd har fleire rutinerte profilar i stallen med blant anna keeper André Hansen, midtstoppar Steffen Hagen, midtbanespelar Etzaz Hussain og Rafik Zekhnini på kanten. Odd har ambisjonar om opprykk og blir heilt klart ein tøff motstandar, men me er klare!

Russebilletten!

Russetida er i gang, og me gler oss til å sjå russen på kamp igjen! Det blir alltid god stemning når russen og Saftkokaradn gir gass, og me håpar å få sjå det allereie mot Odd! Me tilbyr alle russ billett til berre 50 kr, og ein kan hente ut billett ved å nytte promokoden russ25 i ticketco! Ta med gjengen på kamp, og skap like god stemning som på biletet under!

Kjøp russebilletten her!

Erik Flataker saman med russen og Saftkokaradn i 2023!
Erik Flataker saman med russen og Saftkokaradn i 2023!

Andreas Kalstad er ein av spelarane i troppen som er russ i år. Han håpar å sjå sine medruss på kamp i morgon!


Me tok ein prat med Patrik Karoliussen etter dagens trening. Han er klar for ein ny kamp, og håpar at heimepublikummet møter opp.


Oliver Hintsa scora to mål mot Sandviken, og er i god form. I morgon jaktar han nye scoringar når Odd kjem på besøk:


Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: