Runde 9: Sogndal - Raufoss
Raufoss kjem på besøk til Fosshaugadn i runde 9 av OBOS-ligaen! A-laget
- Sogndal - Raufoss
- Onsdag 22. mai kl. 19:00
- Fosshaugane Campus
Me er inne i ein god flyt, og gler oss til onsdag når Raufoss kjem på besøk til Fosshaugadn. Det ligg an til å bli ein spennande kamp i flott solskinn, så her er det berre å ta turen på kamp!
Raufoss kjem i frå 0-2 heime mot Moss og jaktar revansje på onsdag. Til no denne sesongen står dei med to sigrar, to uavgjorte og fire tap. I tidlegare oppgjer mot Raufoss har me god statistikk på heimebane, medan Raufoss har gjort det betre på Nammo stadion. Laget frå Toten kjem til å gi oss kamp, men me skal gjere alt me kan for å ta 3 nye poeng på heimebane.
Førre kamp vann me 2-0 borte mot Aalesund, og det er ei god kjensle i laget inn mot denne kampen. Karadn begynte tidleg å fokusere på neste kamp og er klare for å møte Raufoss no på onsdag. Etter ei flott 17. mai-feiring har dei fått trent og restituert godt i solskinet på Fosshaugadn. Karadn er klare, og me håpar å sjå deg på stadion på onsdag!
Skraol Pub opnar som vanleg 2 timar før kampstart, og held opent 1 time etter kamp. Dette er ein fin samlingsplass for gode samtalar og diskusjonar før kampen byrjar. Ta med deg ein ven og kom på kamp!
STAO NO PAO!