Rundeoppsummering Kretsligaen: Runde 10

Oppsummering av alle kampane i runde 10 av Kretsligaen

Runde 10 av Kretsligaen 2024 er ferdigspelt, og her kjem ei kort oppsummering av alle kampane:

Dale - Studentspretten 5-2 (3-0)

Mål: 1-0 Vegard Eikevik Dyrstad 17. min, 2-0 Sander Kapstad 22. min, 3-0 Felix Rørvik Solheim 34. min, 3-1 Anders Sylte Bellen 49. min, 4-1 Sander Kapstad 61. min, 4-2 Emil Hellesen Engelsen 69. min, 5-2 Sander Rørvik Solheim 72. min.

Dale sikrar ein viktig siger heime mot Studentspretten. Bortelaget reduserte to gonger i andreomgang, men etter begge måla scora Dale og haldt leiinga ved like. Dale ligg no på 5. plass med 19 poeng, medan Studentspretten ligg på 8. plass med 7 poeng.

Eid - Jølster 3-0 (2-0)

Mål: 1-0 Kristian Årskog 3. min, 2-0 Hans Gjesdal Eikås 24. min (sjølvmål), 3-0 Marius Åsebø 71. min.

Gule kort: Daniel Haus, Eid. Ove Andre Balsnes, Eid. Håvard Holmøyvik, Eid. Jakob Gjesdal Eikås, Jølster. Dan Jøran Hafsås, Eid (Trenar).

Eid vinn komfortabelt 3-0 heime mot Jølster og tek 3 viktige poeng i toppen av Kretsligaen. Sigeren sender dei opp i 24 poeng på 4. plass. Dei har berre eitt poeng opp til 1. og 2. plass, og det er framleis tett i toppen av tabellen. Jølster ligg på 9. plass med 7 poeng, og det er få poeng som skiljer også i botn av tabellen.

Stryn - Høyang 3-5 (1-3)

Mål: 0-1 Daniel Skilbrei Aven 11. min, 0-2 Joakim Sjøthun Måren 25. min, 1-2 Tomas Eikenes Tjellaug 37. min, 1-3 Joakim Sjøthun Måren 43. min, 2-3 Vegard Sæten Hopland 46. min, 3-3 Tomas Eikenes Tjellaug 55. min, 3-4 Joakim Sjøthun Måren 72. min, 3-5 Joakim Sjøthun Måren  89. min (str.).

Gule kort: Bernard Breidvik, Høyang. Emil Richard Allesøe, Stryn. Tomas Eikenes Tjellaug, Stryn. Sindre Ulvestad, Høyang.

Stryn ga dei kamp, men Høyang stikk av med alle 3 poenga etter ein målrik kamp i Stryn. 1-3 vart 3-3 i andreomgang, men storscorar Joakim Sjøthun Måren avgjorde kampen med sitt 3. og 4. mål i kampen! Toppscoraren i Kretsligaen står no med 16 mål på dei fyrste 10 kampane. Høyang heng med i toppen av tabellen og ligg no på 3. plass med 24 poeng. Stryn slit framleis med poengfangsten og står berre med 3 poeng på 12. plass.

Fjøra - Vik 5-0 (2-0)

Mål: 1-0 Malvin Gjerde 37. min, 2-0 Isak Svedal Flo 42. min, 3-0 Mathias Hovland 53. min (str.), 4-0 Mathias Sunde Årdal 56. min, 5-0 Christian Helgheim 75. min.

Gule kort: Martin Stadheim, Vik.

Fjøra vinn komfortabelt 5-0 heime mot Vik, og det kunne vorte meir. Det vart ein forsvarskamp for Vik, og Stig Roar Hovland måtte plukke 5 ballar ut av nettet. Fjøra set press på Sogndal 2 i toppen, men ligg framleis på 2. plass. Vik er på 10. plass med 5 poeng.

Måløy - Førde 2 2-3 (0-1)

Mål: 0-1 Elias Løkkebø Lekva 23. min, 0-2 Kasper Rath Kaaber 49. min, 1-2 Kasper Bakke Øvrebø 52. min, 2-2 David Hamre Da Silva 73. min, 2-3 Gaute Sunde Sandal 79. min.

Gule kort: Vegard Lorgen, Førde 2. Kasper Bakke Øvrebø, Måløy. Håvard Sunde Sandal, Førde 2. Erik Hagevik Birknes, Måløy. Håkon Mathisen, Måløy. Nikolai Vie Berqvam, Førde 2.

Førde 2 tek med seg alle poenga heim frå Måløy etter ein spennande fotballkamp. Bortelaget tok leiinga 0-2, men Måløy kom tilbake i kampen. 10 minutt før slutt avgjorde Førde 2 sin Gaute Sunde Sandal til 2-3. Førde 2 ligg no på 7. plass med 13 poeng. Måløy ligg på 11. plass med 3 poeng.

Sandane - Sogndal 2 0-7 (0-5)

Mål: 0-1 Óskar Borgþórsson 7. min, 0-2 Joakim Berg Nundal 11. min, 0-3 Viljar Stavø 19. min, 0-4 Joakim Berg Nundal 42. min, 0-5 Ola Lerheim Olsen 45. min, 0-6 Kriss Havila Bonabandi 48. min, 0-7 Kriss Havila Bonabandi 85. min.

Gule kort: Marius Årøy, Sogndal 2.

Sogndal 2 vinn stort borte mot Sandane. Det stod heile 0-5 til pause, og 0-6 kom like etter kvilen. Samtidig som at himmelen opna seg lukka Sandane forsvaret og heldt unna fram til det 85. minuttet. Havila Bonabandi vart tomålsscorar og fastsette resultatet til 0-7. Sogndal 2 held fast på tabelltoppen, og aukar med to mål ned til Fjøra. Sandane ligg på 6. plass med 16. poeng.

IMG_6012.JPG
Joakim Nundal feirar scoring mot Sandane!

Den neste runden i Kretsligaen spelast slik:

  • Vik - Eid, fredag kl. 18:30
  • Jølster - Måløy, laurdag kl. 14.00
  • Sandane - Studentspretten, laurdag kl. 14:00
  • Førde 2 - Dale, søndag kl. 14:00
  • Sogndal 2 - Stryn, søndag kl. 18:00
  • Høyang - Fjøra, måndag kl. 18:30

STAO NO PAO!

Skjermbilde 2024-06-19 144230.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: