Rundeoppsummering Kretsligaen: Runde 13

Oppsummering av alle kampane i runde 13 av Kretsligaen

Runde 13 av Kretsligaen 2024 er ferdigspelt, og her kjem ei kort oppsummering av alle kampane:

Sandane - Jølster 0-0 (0-0)

Gule kort: Isak Tveit, Jølster. Sindre Fjellestad, Sandane.

Det endar med ein sjeldan mållaus kamp i Kretsligaen mellom Sandane og Jølster. Bortelaget tek dermed eit særs viktig poeng, og aukar avstanden til laga under seg på tabellen. Sandane ligg framleis på 7. plass og står no med 17. poeng. Jølster ligg på 8. plass med 11 poeng, og 6 poeng ned til Vik på 9. plass.

Dale - Vik 5-0 (1-0)

Mål: 1-0 Anders Ulvik Fleten 44 min, 2-0 Vegard Eikevik Dyrstad 48 min, 3-0 Felix Rørvik Solheim 51 min, 4-0 Anders Ulvik Fleten 58 min, 5-0 Anders Furset 61 min.

Dale sikrar ein solid siger heime mot Vik. Bortelaget stod i mot fram til det var spelt 44 minutt, men leiarmålet kom like før pause. Etter pause var det liten tvil, og det enda til slutt 5-0 til heimelaget. Dale heng seg på i toppen og ligg på 5. plass med 22 poeng, berre to poeng bak Høyang. Vik kjempar for fornya kontrakt i Kretsligaen, og ligg på 9. plass med 5 poeng.

Måløy - Fjøra 1-4 (0-1)

Mål: 0-1 Mathias Sunde Årdal 1 min, 0-2 Andreas Lerheim Olsen 62 min, 0-3 Mathias Sunde Årdal 62 min, 0-4 Mathias Sunde Årdal 87 min, 1-4 Markus Tvendeseter Kupen 90 min (str.).

Gule kort: Trond Eide Tennebø, Måløy.

Fjøra er tilbake på vinnarsporet etter ein solid siger mot Måløy. Mathias Sunde Årdal sendte bortelaget i føringa allereie før eitt minutt var spelt, og auka på til eit hattrick i andreomgang. Heimelaget reduserte på straffespark like før slutt, men alle poenga vart med til Sogndal. Fjøra overtek 1. plassen på tabellen og står med 29 poeng etter 12 kampar spelt. Måløy ligg på 10. plass med 3 poeng.

Mathias Sunde Årdal scora mot Måløy
Mathias Sunde Årdal sendte Fjøra i føringa mot Måløy

Høyang - Eid 5-3 (3-2)

Mål: 1-0 Joakim Sjøthun Måren 10 min, 1-1 Kristian Lefdal 33 min, 1-2 Henrik Vingen Vedeld 35 min, 2-2 Magnus Kyrkjebø 39 min, 3-2 Daniel Skilbrei Aven 45 min, 4-2 Mentasenote Alemu Girmissio 66 min, 5-2 Jaran Solaas 89 min, 5-3 Karl-Erik Aarsheim 90 min.

Gule kort: Kristian Årskog, Eid. Daniel Haus, Eid. Benjamin Ramsli Lyeng, Høyang. Daniel Skilbrei Aven, Høyang. Eirik Råsberg, Høyang.

Høyang stikk av med sigeren i ein tett og jamn kamp i toppen av Kretsligaen. Heimelaget tok leiinga før Eid snudde kampen til 1-2. Like før pause var Høyang tilbake i leiinga, og i andreomgang auka dei til 5-2. Kampen enda til slutt 5-3 etter at Eid scora heilt på tampen av kampen. Eid ligg på 3. plass med 25 poeng, medan Høyang no klatrar heilt opp i ryggen på 4. plass med 24 poeng.

Stryn - Førde 2 0-1

Mål: 0-1 Elias Løkkebø Lekva 45 min.

Gule kort: Tomas Eikenes Tjellaug, Stryn. Marcel Filip Kucab, Stryn.

Førde 2 tek med seg 3 poeng heim frå Stryn etter at Elias Løkkebø Lekva scora vinnarmålet. Sigeren gjer at dei står med 21 poeng og ligg på 6. plass på tabellen. Dei har berre 3 og 4 poeng opp til 4. og 3. plassen, og siktar oppover på tabellen. Stryn ligg framleis på 11. plass med 2 poeng.

Den neste runden av Kretsligaen spelast slik:

  • Eid - Måløy, laurdag kl. 14:00
  • Vik - Sandane, laurdag kl. 14:00
  • Jølster - Stryn, laurdag kl. 14:00
  • Fjøra - Dale, laurdag kl. 14:30
  • Førde 2 - Sogndal 2, tysdag kl. 19:00

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: