Saman om jenteløftet - no er trenarteama klare!
Dette er gjengen som skal ha ansvar for ungdomslaga og damelaget i 2024! Breiddefotballen
I "Jenter vil Mer"-prosjektet er det kjent at Sogndal Fotball samarbeidar med toppklubbane Sogndal FK Damer, Arna Bjørnar og Brann, samt fadderklubben vår Syril IL. Under prosjektperioden får ein mykje tileigna kunnskap, erfaringar og midlar som kan nyttast til vidare utvikling i eigen klubb. Følgjeleg er me glade for å kunne annonsera at Sogndal Fotball går inn i sesongen 2024 med særs kompetente trenarteam for laga våre. Vidare i saka presenterer me kven som har ansvaret for ungdomslaga og damelaget.
Damelaget - Sogndal Damer/Sogndal FK Damer 2
Damelaget spelar i 3. divisjon avd. Sogn og Fjordane. Spelarane deltek også i Vinterserien J19, som er kvalifisering til det offisielle Norgesmeisterskapet J19. For tredje sesongen på rad er laget eit samarbeid mellom Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer. Gjennom dette samarbeidet får ein gode referansar frå toppsatsinga, og gode samtalar kring spelarutvikling.
- Hovudtrenar: Katrine Wolff Bolseth
- Trenar: Marianne Raad Larsen
- Trenar: Nils Hugo Hedlund
- Trenar: Magnus Jorde
Sogndal Fotball har vore tydeleg på at ein ønskjer kontinuitet i hovudtrenarrolla på damelaget og er svært glade for at Katrine W. Bolseth trer inn i denne. Ho har siste året fullført B-lisensen sin og hatt trenarrolle i Sogndal FK Damer. Ho vil halde fram i ei tilpassa rolle i Sogndal FK Damer og såleis styrke samarbeidet mellom klubbane.
Studentane Marianne, Hugo og Magnus held fram etter førre sesong og tek alle trenarutdanning på Høgskulen på Vestlandet. Dei er svært dyktige, med ei lys framtid som trenarar og vert kontinuitetsbærarar frå 2023 sesongen.
Ungdomslag - Sogndal J15-17
- Hovudtrenar: Kjetil Sønnesyn
- Trenar: Vegard Skjeldestad
- Trenar: Olav Helge Ylvisåker
Ungdomslag - Sogndal J13-14
- Hovudtrenar: Jørn Skjeldestad
- Trenar: Trine Ruud Sætre
- Trenar: Linda Brusegard Bøe
- Trenar: Hans Jakob Walnum
- Lagleiar: Morten Bøthun
Gjennom søkeordninga i "Jenter vil Mer" har Sogndal Fotball fått innvilga 80.000 kr, som skal nyttast til ulike kulturbyggjande føremål i 2024. Breiddekoordinator Kristian Ask forvaltar midlane og Birte Barsnes Frøyd og Kjetil Sønnesyn står for planlegging og organisering av aktivitetane. Vonleg vil dette skape samhald og gode opplevingar for jente- og damespelarane i Sogndal Fotball!
STAO NO PAO!