Sander Aske Granheim har signert proffkontrakt!

Sander Aske Granheim frå Sandane har signert proffkontrakt med Sogndal Fotball!

Sogndal Fotball og Sander Aske Granheim, 15. august 2007, er samde om ein avtale som strekkjer seg ut 2027!

Sander Granheim kjem frå Sandane og har gått gradene i Sandane Turn og Idrettslag før han meldte overgang til Sogndal. Han har fulgt stigen gjennom utviklingsavdelinga, og signerte denne veka sin fyrste proffkontrakt i ein alder av 17 år.

- Det føles veldig bra å signere kontrakt. Det gir meg meir motivasjon til å fortsette å utvikle meg, fortel Sander.

Sander vart offisielt Sogndalspelar i august 2023, men spelte sin fyrste kamp i kvitt og svart før det. Gjennom kampar i nasjonal serie har han hospitert med Sogndal NG17. På denne måten fekk han hente referansar mot dei beste i landet, samtidig som han kunne spele for Sandane i den lokale serien.

Toppspelarutviklar Patrik Karoliussen har fulgt Sander tett over fleire år, og i 2023 var han trenar for Sogndal NG17. Dette var Sander sitt fyrste møte med Sogndal, og i byrjinga var det som hospitant. Karoliussen rosar Sandane for eit godt samarbeid og gir moderklubben ein stor del av æra for utviklinga til Sander.

- Eg ønskjer å gi mykje skryt til Sandane og Ingmar Sægrov for å setje spelaren i fokus og å tilretteleggje på ein best mogleg måte. I 2023 spelte Sander mange kampar for oss på nasjonalt nivå med NG17, og Sandane gjorde ein god jobb med tilpassing for Sander. Det har vore veldig viktig, fortel Karoliussen.

Sander Granheim i kampen mot Åsane før sesongen
Sander Granheim i kampen mot Åsane før sesongen!

Sander viste raskt sitt store potensiale, og utviklinga hans har vore stabilt god heile vegen. Han tok steget opp til Sogndal 2/G19 allereie året etter, og fekk igjen Karoliussen som sjef. Denne sesongen spelte han samtlege kampar og vart kåra til årets spelar for Sogndal 2. Han var også spelaren som spelte flest minutt totalt av alle spelarar i klubben. Utover hausten fekk han vere med på treningar med A-laget som ein del av B-lista.

- Sander viste raskt at han tok nivået, og det er spesielt to ting eg ønskjer å trekke fram. Den fyrste er ein bortekamp mot Brann der me vann 5-0, og Granheim spelte ein kjempekamp som 6-ar på midtbana. Det er kanskje posisjonen han er aller best i, sjølv om han også er god som midtstoppar. Den andre kampen var borte mot Bryne der me vann 6-1. Eg hugsar godt ein situasjon der Sander kom åleine med 3 spelarar og måtte forsvare 40 meter bakrom. Han klarte å halde roen på ein imponerande måte og hindra mål. Den roen og kontrollen har hjulpe han mykje, og er ein viktig grunn til at han har tatt så store steg, fortel Karoliussen.

- Han vart etterkvart ein av dei fyrste på blokka når det var snakk om laguttak, og leverte alltid stabilt. Han har vore med på mykje sjølv om han er ung, og me har aldri lagt fokus på at han var eitt år yngre på G17. Er du god nok skal ikkje alderen bety noko. Han har starta alle kampane mine, og eg har aldri benka han om det ikkje har vore snakk om skade. I fjor var han spelaren i klubben som hadde flest minutt, noko som viser at han står i trening og har ein robust fysikk, legg han til.

Luis Pimenta fortel at han tidleg vart imponert over den unge midtstopparen, og spesielt den sterke mentaliteten løftar han fram som ein styrke:

- Det har blitt gjort mykje bra før eg kom i januar, og utviklingsavdelinga skal ha ros for det. Sander viste oss raskt at han var open for læring og at han forstod ting fort. Han lærde fort kva som krevst av ein midstoppar i toppfotballen, og eg vart spesielt imponert over mentaliteten hans. Han taklar veldig godt å bli korrigert framføre resten av gruppa, tek til seg tilbakemeldingane og dukkar opp dagen etter med same sjølvtillit og ro. Han tolar mykje mentalt, og det er eit veldig bra teikn. Seinare fekk me også bekrefting på dette når han spelte meir om meir gjennom oppkøyringa. Han fortsatte å levere gode prestasjonar mot stadig betre motstand heilt fram til serieopninga, og takla også det veldig bra, fortel Pimenta.

Luis har jobba med mange unge spelarar på landslaget, og har god erfaring med å hjelpe spelarar i situasjonen til Sander:

- Sander har vist god emosjonell kontroll heile vegen, og har ikkje blitt påverka av dei nye utfordringane han har fått. Det er sjølvsagt alltid eit spørsmålsteikn før ein debut i OBOS-ligaen, for ein aldri veit heilt korleis ein taklar det, men alle signal me fekk frå han tyda på at ville takle det. Eg trur ikkje den fyrste kampen påverka han så mykje, og eg trur heller ikkje den fyrste kontraken kjem til å forstyrre så mykje. Det er ein naturleg progresjon, og me har hatt gode samtalar om dette. Gjennom åra på landslaget har eg hatt mange spelarar akkurat i denne fasen, og då er det viktig å ha fokus på at dette er ein naturleg konsekvens av alt arbeidet som er lagt ned over tid.

- Det har vore fint å ha Luis som trenar. Han er ein flink og dyktig trenar. Det er kjekt å få tillit og å få vise seg fram. Eg var litt nervøs i starten, men har blitt vant til det, og det har gått veldig fint. Det har vore eit mål for meg lenge å få kontrakt, og det er deilig å signere no, fortel Sander sjølv.

Ansvarleg for spelarlogistikken, Håvard Flo, skryt av alle som har tatt del i utviklinga til Sander:

- Det at Sander no blir profesjonalisert er utruleg kjekt for alle som har vore involvert i utviklinga hans. Dei 2,5 åra Sander har vore i klubben har han fått god rettleiing gjennom sine lag (NG17, NG19, Sogndal 2 og no A-laget). Det er eit prov på at unge fotballspelarar blir forma godt gjennom utviklingsarbeidet i vår klubb. Eg vil også rose Sandane for den fine utviklinga han har hatt i sin moderklubb, og måten dei har lagt til rette for at han har fått denne moglegheita i Sogndal.

Me gratulerer Sander med kontrakt og gler oss til å sjå mykje meir frå han dei kommande åra! Allereie på måndag møter han og resten av karadn Odd til ny seriekamp på Fosshaugadn! Me håpar å sjå deg på tribuna!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: