Serigne Mor Mbaye er på plass
Keeperen kjem på utlån frå Kristiansund, blir i Sogndal ut året
Kristiansund BK og Sogndal Fotball er samde om ein utlånsavtale for keeper Serigne Mor Mbaye (f. 3/1 1996). Avtalen strekkjer seg til og med 31/12 2021.
Mbaye er frå Senegal og kom til Kristiansund i 2015. Han var i 2018 på utlån til islandske Vikingur Reykjavik, og i siste halvdel av sesongen i fjor vokta han buret på Briskeby for HamKam. Han stod ein god kamp då me måtte reisa heim frå Hamar utan poeng, og tilsaman spelte han 11 kampar for grøntrøyene.
I KBK har han stått 14 kampar i Eliteserien, og med NM står han med 18 kampar.
- Dette er ein spennande kar og ein bra keepertype, seier Håvard Flo.
I Kristiansund er det ein hard kamp om keeperplassen, der Sean McDermott har vore førsteval ei årrekkje.
- Han har fått særs gode skussmål både frå HamKam og frå KBK, og me gler oss til å bli betre kjent med han her hjå oss, held Flo fram.
- Med sine 190 på sokkelesten er han ein reaksjonssterk og kvikk keeper som har bra rekkjevidde og er offensiv i spelestilen, avsluttar Flo.
Me kjem tilbake med ein nærare presentasjon av vår nye keeper.