Sesongavslutning 2024 for breiddefotballen!

Breiddefotballen avslutta sesongen på Quality Hotel Sogndal!

På same måte som for nøyaktig eitt år sidan vart det arrangert avslutning for breiddefotballen på Quality Hotel Sogndal! Alle trenarar og lagleiarar tilknytt lag i Sogndal Fotball var inviterte og det vart ei fin avslutning på sesongen!

Breiddekoordinator Kristian Ask leia gjestene gjennom programmet. Han fortalde om året som har vore og oppsummerte med både bilete, video og musikk. Sjå ein flott oppsummering av året i videoen under:


Etter opninga frå Ask var det tid for dagleg leiar Gisle Olsen og marknadsansvareg Terje Teigen å seie nokre ord. Breiddeavdelinga er ein utruleg viktig del av Sogndal Fotball på fleire måtar, og begge beskriv den som svært viktig for sine roller.

Gisle fortel om at breiddeavdelinga er ein rekrutteringsarena av flotte klubbambassadørar og ein føresetnad for at flest mogleg kan drive på med fotball lengst mogleg. Det er også ein arena som dyrkar frivilligheit, som er viktig for at me kan drive på med det me elskar.

Terje dreg linja vidare og fortel om kva samarbeidspartnarane våre ser etter. Det at logoen vår fyller gatene og at bedriftene får synleggjort seg gjennom flotte representantar er heilt supert! Han opplever også ein aukande interesse for breidden i sine marknadsmøter, der fleire miljø rundt oss ønskjer å anten sjå til Sogndal Fotball korleis dei arbeidar eller invitere oss ut der.

Årets eldsjel

"Sogndal Fotball vil årleg utnemne "Årets eldsjel i Sogndal Fotball" som har gjort ein særskild innsats, med ein profil som passar til kjerneverdiane våre:

"ambisiøs, utviklande, inkluderande og ærleg"

"Vinnaren har fulgt laget heilt sidan dei gjekk i barnehagen og fram til i dag. Vinnaren spreiar tryggleik og er ein person som spelarane lyttar til. Vinnaren evnar å sjå forbi resultatet og har som hovudfokus at alle skal med. Til tross for ein del tap, held vinnaren oppe motivasjonen og iveren til gruppa, og vidare tilfører spelarane gode eigenskapar og verdiar langt utover det å vera fotballspelar"

Vinnaren av Årets eldsjel 2024 er Siv Kristine Hovland. Me gratulerer så mykje! Vinnaren var diverre ikkje tilstades, men blir tildelt diplom og blomar. 

Sogndal Fotball sin heiderspris

"Sogndal Fotball vil i enkelte tilfelle rette merksemd mot bidragsytarar som har gjort ein ekstraordinær innsats i klubben. Heidersprisen i Sogndal Fotball skal gå til personar som over lengre tid har lagt innsats, vilje og engasjement i arbeidet med barn- og ungdom i fotballen.

"Vinnaren av prisen har lang fartstid i klubben og har bidrege i fleire roller. Sogndal Fotball har over tid vore kjent for å levere gode arrangement og å ta vare på besøkande klubbar. Vinnaren har vore i front i dette arbeidet og hatt mange kontaktpunkt både i eigen klubb og hjå besøkande. Vinnaren har til gangs lagt ekstraordinær innsats i å fasilitere aktiviteten Sogndal Fotball er kjend for!"

Vinnaren av Sogndal Fotball sin heiderspris er Geir Inge Heggestad. Me gratulerer så mykje! Vinnaren var diverre ikkje til stades, men blir tildelt diplom og blomar.

Me set stor pris på bidraga frå samtlege som legg ned frivillige timar for barn og unge i klubben! Dei gjer ein fantastisk jobb! Etter årets sesong er det nokre av desse som takkar for seg etter flott innsats:

  • Knut Asbjørn Svensøy (lagleiar, J2012)
  • Jorunn Furuheim (lagleiar, J2012)
  • Eldbjørg Bøthun (lagleiar, G15/17)
  • Merethe Relling Trettenes (lagleiar G15/17)
  • Håvard Hatle (trenar G15/17)
  • Ørjan Hjellhaug (trenar Sogndal 3)
  • Marianne Raad Larsen (trenar Sogndal United)
  • Erling Ola Fykse (Utviklingsansvarleg)

Dei frammøtte fekk kvar sin blom som takk for innsatsen. F.v. Elbjørg Bøthun, Merethe Relling Trettenes og Erling Ola Fykse.

Me vil nok ein gong takke alle involverte i breiddefotballen for ein fantastisk innsats i 2024! Me gler oss allereie til ein ny sesong saman med dykk og håpar det blir ein ny sesong fylt med gode minner og opplevingar!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: