Sesongavslutning for breiddefotballen!
I kveld avslutta me sesongen for breiddelaga våre med samling og prisutdeling på Quality Hotel Sogndal! Breiddefotballen
Representantar frå nesten alle breiddelaga våre var i kveld samla for ein kjekk avslutningsfest for breiddefotballen i klubben. Breiddekoordinator Kristian Ask leia programmet som bestod av både oppsummering, informasjon og prisutdelingar.
Arrangementssjef Geir Inge Heggestad oppsummerte arrangementsåret 2023 og takka alle dei involverte for stor innsats. Ein rekordstor Lerum Cup, kamparrangement for alle dei ulike laga våre og Kiwi Bama Cup er berre nokre få av tinga som vart framheva. Me ser også fram til året som kjem med mykje aktivitet på Fosshaugadn.
Det vart også delt ut ulike prisar i løpet av kvelden:
Sogndal Fotball vil i enkelte tilfelle rette merksemd mot bidragsytarar som har gjort ein ekstraordinær innsats i klubben. Heidersprisen i Sogndal Fotball skal gå til personar som over lengre tid har lagt ned innsats, vilje og engasjement i arbeidet med barn og ungdom i fotballen. Begrunninga for tildelinga er:
"Vinnaren av prisen har lang fartstid i klubben og kan vise til ein imponerande CV med 16 år som spelar og 30 år som trenar i Sogndal Fotball. Vinnaren av prisen har vore ein stor ressurs og Sogndal Fotball set pris på alle bidrag. Tusen takk for innsatsen!" Sogndal Fotball sin heiderspris går til Magdalon Sætre!
Årets eldsjel skal delast ut årleg og går til ein person som har gjort ein særskild innsats med ein profil som passar til kjerneverdiane våre "ambisiøs, utviklande, inkluderande og ærleg". Begrunninga for årets vinnar er:
"Vinnaren av prisen har hatt tre ungar i Sogndal Fotball og vore bidragsytar i klubben over fleire sesongar. Vinnaren vert omtala som raus, alltid positiv, blid og førebudd til treningar, cupar og kampar. Vinnaren har ei fantastisk tilknyting til spelarane og får dei alltid med seg." Årets eldsjel i Sogndal Fotball er Jarle Flugheim!
Det vart også delt ut diplomar til laga som vart kretsmeistrar i årets sesong. Dei ulike laga er Sogndal G13/14, Sogndal/Kaupanger (4. div kvinner 7ar) og Sogndal J15/17 (11ar). I tillegg vart Sogndal/Sogndal FK Damer 2 tildelt pokal som avdelingsvinnar i 3. divisjon Damer (11ar). Me gratulera alle med gode sesongar og ønskjer masse lukke til i 2024!
Kvelden vart avslutta med servering av pizza og sosialt. Dette vart forhåpentleg starten på ein god tradisjon der breiddefotballen får fortent merksemd. Alle bilete frå kvelden har me samla i biletgalleriet under.
STAO NO PAO!