Siger i årets fyrste treningskamp!
Det enda 3-2 mot Lysekloster i Sognahallen i dag! A-laget
Luis Pimenta sin fyrste treningskamp enda med siger over Lysekloster. Erik Flataker scora kampens fyrste mål før Marius Årøy dobla leiinga før pause. I andreomgang var det 11 nye på bana, og Vegard Hagen auka til 3-0 i debuten. Lysekloster reduserte to gonger, men det enda med siger til slutt.
Det tok ikkje lang tid før det fyrste målet kom, og akkurat som i fjor var det Erik Flataker som scora årets fyrste mål. Når det var spelt 7 minutt fekk Marius Årøy frispark i god posisjon. Jacob Flaten svinga ballen inn mot feltet og i boksen var det nettopp Flataker som stanga ballen i mål. 1-0 og ein god start på kampen.
Når klokka passerte 45 minutt kom dagens andre scoring, og det var eit flott mål frå Marius Årøy som dobla leiinga. Pasninga frå Mathias Øren gjekk gjennom heile Lysekloster og fann Årøy. På ein berøring la han igjen til Óskar Borgþórsson som sendte Årøy gjennom åleine med keeper. Midtbanespelaren gjorde ingen feil og satte ballen kontrollert til sida for keeper og inn i mål. Det stod 2-0 til pause og i andreomgang var det 11 nye som fekk sjansen.
Emmanuel Mensah kom inn som spiss, og etter 60 minutt var det tid for eit fantastisk raid. Lysekloster sin corner vart klarert ut og Mensah satte på turboen. Forsvararen vart fullstendig parkert og Mensah la fint inn til debutant Vegard Hagen. Åleine med keeper var han sikker og auka leiinga til 3-0. No har han scora i debuten sin for både Haugesund, Brann og Sogndal.
Lysekloster kom til fleire gode sjansar i løpet av kampen, og dei fekk utteljing i andreomgang. Eit flott angrep etter 64 minutt ga 3-1, og eit uheldig sjølvmål på overtid gjorde at kampen enda 3-2. Etter kampen fekk me ein prat med målscorar Erik Flataker:
Det var absolutt ei grei gjennomkøyring mot ein god motstandar i dagens kamp. Det er framleis mykje å jobbe med, og heldigvis lenge igjen til seriestart, men no er me endeleg i gang! No ventar ei ny veke med treningar i Sognahallen før me tek i mot Hønefoss allereie fyrstkommande laurdag. Tusen takk til alle som kom på kamp i dag. Det var herleg å sjå dykk igjen etter ferien!
*saka blir oppdatert med video frå scoringane når dei er klare
STAO NO PAO!