Siger mot Førde!

Årets fyrste treningskamp enda med siger etter scoring av Erik Flataker!

Me er endeleg i gang! Det var godt å koma i gang med kampane igjen. Dagens kamp mot Førde enda med 1-0-siger, etter scoringa til Erik Hovden Flataker i 2. omgang.

I fyrsteomgang skapte me fleire gode moglegheiter til å scora mål. Per-Egil Flo satte også ballen forbi Fredrik Hanssen i Førde-målet, men scoringa vart annulert for offside. I andreomgang bytte Tore André store delar av laget, og ein ny gjeng fekk koma i gang med sesongen. Kort tid etter pause kom scoringa. Eit flott angrep på høgresida byrja i forsvarsleddet. Ballen vart rulla opp langs høgresida til Óskar Borgþórsson. Han fann Tobias Myhre, som la inn mot Erik Hovden Flataker i boksen. Fortent 1-0.

Ein typisk treningskamp med mange nye fjes, og nye relasjonar enda altså med 1-0-siger. No venter ei ny veke med trening før neste kamp mot Bjarg. Den blir spelt laurdag 27. januar klokka 12:00 i Sognahallen!

Kampen kan du sjå i opptak her!

STAO NO PAO!

IMG_6781 kopi.JPG
Kjekt å sjå at så mange tok turen!

 

Annonse fra Obos-ligaen: