Siste kampdag for landslagsgutta

G19 er klare for EM - G17 må gi full gass mot Belgia

Me har fire talentfulle spelarar på landslagsoppdrag for tida, og på laurdag var dei i aksjon.

Det norske G19-landslaget med Erik Flataker har hatt ein fantastisk start på eliterunden i EM-kvaliken. Først vart Romania slege 4-0 før Frankrike vart slege 2-1. Norge har att ein kamp mot Nord-Irland, men etter sigeren mot Frankrike vart avansementet til EM sikra. 

- Det er ein fantastisk kjensle å vera klare for EM etter sigeren mot Frankrike. Spelarane har ei tru på kva me gjer som er enorm. Dei er så lojale. Dei føl  kampplanen lojalt og saman med den individuelle kvaliteten som er i troppen blir det ein sterk miks. Dette var en utroleg god prestasjon, seier landslagstrenar Luis Pimenta til fotball.no etter kampen.

Erik kunne feira at han og G19-landslaget skal spela EM etter 2-1 mot Frankrike
Erik kunne feira at han og G19-landslaget skal spela EM etter 2-1 mot Frankrike

I Sarpsborg må Daniel Gjerde Sætren, Mathias Øren og G17-landslaget vinna mot Belgia samstundes som Slovenia må slå Kroatia, etter at det vart 0-1 mot Slovenia laurdag.

- Me skal køyra på med alt me har mot Belgia. Det er ein ting som gjeld og det er tre poeng. Folk skal få lov til å være skuffa og frustrert etter tapet, men me skal stå i lag no skal me «opp i ringa» att, seier landslagstrener Jan Peder Jalland til fotball.no 

Kristoffer Steinset og G18-landslaget slo Sverige 1-0 i Marbella laurdag ettermiddag. 

- Det er ei stund sidan forrige siger og det er veldig god stemning i garderoben no, seier landslagstrenar Per Inge Jacobsen til fotball.no 

- Gutta fortente verkeleg å vinna med den haldninga, mentaliteten og vilja til å vinna dei viste i denne kampen. Dette skaper sjølvtillit som me kan byggja vidare på.

Det står att ein kampdag
28. mars:
15.00: G19 Nord-Irland – Norge, Stade Jaques-Mazzuca (EM-kvalifisering)
17.00: G17 Norge – Belgia, Sarpsborg stadion (EM-kvalifisering)
17.00: G18 Tsjekkia – Norge, La Quinta Football Center

Me ønskjer masse lukke til!

Annonse fra Obos-ligaen: