Skadeoppdatering: Óskar Borgþórsson

I kampen mellom Sogndal og Bjarg fekk vår islandske midtbanespelar Óskar Borgþórsson ein kraftig smell. Etter ein duell med ein Bjarg-spelar landa han hardt på skuldra og måtte gå av bana med store smerter. Etter sjekk på sjukehuset i Førde er det no klart at han må opererast. 

Fysioterapeut Vegard Bjørklund:

- Óskar har pådratt seg «AC-ledd luksasjon grad 4». I korte trekk tyder det at kragebeinet sitt festepunkt i skuldra er øydelagt, og at kragebeinet ligg og «flyt» fritt oppe i skulderområdet, slik at heile skuldra blir veldig ustabil. Han har også roke kragebeinet sine leddbånd. No skal han opererast neste onsdag på Førde Sjukehus, så reiser han heim til Island før han kjem tilbake og byrjar opptreninga etter rundt 6 veker. Han er forventa å vera ute i 4-6 månadar, men mest truleg nærare 6.


Me ønskjer Óskar god betring og ser fram til å få sjå han tilbake på bana igjen!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: