Sogndal 2 tapte og Fjøra rykker opp til 3. divisjon

Sogndal 2 tapte 3-1 mot Fjøra på Fosshaugadn i opprykksfinalen

Det var duka for ein spennande avslutning på Kretsligaen og kampen levde opp til forventningane. Tøffe duellar, knallharde taklingar og flotte mål stod på menyen når Fjøra vart for sterke og vann 3-1.

Kampen byrja som forventa med mange tøffe duellar og ein skikkeleg krig. Begge lag skapte nokre store sjansar i starten av kampen. Malvin Gjerde skaut over, Kristian Rutlin henta fram ei fantastisk redning og Daniel Sætren måtte også i aksjon på motsett side. Etter 22 minutt fekk Fjøra straffe, og Malvin Gjerde sendte bortelaget i føringa. Når det var spelt 39 minutt dobla Ulrik Flo leiinga og sendte Fjøra til pause med ei 2-0-leiing.

Andreomgang byrja på verst tenkeleg måte for Sogndal 2. 5 minutt ut i omgangen stanga Ulrik Flo inn sitt andre mål for dagen, og det stod 0-3 på tavla. Då var det lang veg fram for eit ungt Sogndal 2-lag, men ein satte inn ein skikkeleg sluttspurt. Stolpetreff, tverrliggartreff, gode redningar og store sjansar brent gjorde at det aldri vart skikkeleg skummelt for Fjøra. På overtid banka Ola Lerheim Olsen inn eit flott frispark, men kampen var allereie avgjort.

Det betyr at Fjøra rykker opp til 3. divisjon, og me gratulerer med eit fortjent opprykk. Laga har fulgt kvarandre gjennom heile sesongen, men når det skulle avgjerast var det 50-årsjubilanten som var sterkast. Me ønskjer dei masse lukke til i 3. divisjon, medan Sogndal 2 må vente til neste år for nye moglegheiter på opprykk.

Fjøra FK er klare for 3. divisjon i 2025
Fjøra FK er klare for 3. divisjon i 2025

No rettar me alt fokus inn mot A-laget, og allereie på måndag kjem ein særs viktig kamp. Me møter Mjøndalen på bortebane og håpar å sjå deg på tribuna! 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: