Sogndal Fotball hyllar Vreid!
Sogndal: Fotball, Saft og Sognametal!
Sogndal Fotball har i ei årrekkje vore kjende for å utvikla og dyrka fram store fotballtalent. Parallelt har bygda ei langt mørkare eksportvare utanfor fotballen, saft og syltetøy. No hyllar fotballklubben bandet som har brakt Sognametalen til heile verda, med å trykka VREID sin logo på brystet til årets drakter.
Kjøp den nye drakta på www.vreidshop.com
På kvart sitt vis har klubben og bandet bygd sine support- og fanklubbar, og at rock og fotball heng i saman for mange er ingen overrasking. Meir overraskande og nyskapande er at det nettopp er ein fotballklubb som gjev plass til eit rockeband. Samarbeidet vekkjer internasjonal merksemd og det refererar til korleis The Beatles elska Liverpool, Iron Maiden hyllar West Ham og ikkje minst korleis Oasis alltid har stått tett med Manchester City.
Den nye drakta på kjøpast i SogndalBui (Idrettssenteret på Fosshaugane) eller på nett
Historisk draktsponsor!
Tradisjonelt er det god eksponering for sponsorar og samarbeidspartnarar med å ha logo på drakta. At ein fotballklubb vel å bruka plassen til å hylla lokale heltar er veldig uvanleg, men no er vel heller ikkje Sogndal Fotball ein vanleg klubb.
Samarbeidet osar lokalpatriotisme, men har likevel nokre involverte partar med relasjonar som går langt tilbake i tid. Hovudtrenar og tidligare proffspelar i England, Eirik Bakke, har sjølv spelt fotball med medlemmar i VREID.
Proffe i utlandet på kvar sin arena
Primus motor i VREID har sjølv ein fotballhistorie bak seg, sjølv om det var med VREID han skulle nå dei store marknadane i verda. Men interessa for fotball og klubben i hans hjerte er alltid med.
- Å få VREID-logoen på brystet på Sogndal Fotball si drakt er ei ære av dei heilt sjeldne. Denne askeladden klubben er hamra inn i hjerterota vår sidan oppveksten. Dette er klubben som var heile barndommen og ungdomstida vår, og det er med favorittlag som med favorittband, det er kjærleik for livet, seier gitarist Jarle Kvåle entusiastisk.
- At Sogndal Fotball innlemmar VREID på sin slik måte i si verd, viser den viljen, galskapen, fryktlausheita og stoltheita som har bygd denne klubben. Sidan 1970-talet har pionerar med enormt pågangsmot bygd ein nasjonal toppklubb i denne vakre, vetle fjellbygda, og det er herleg så sjå at klubben framleis er prega av leiarar, stab, spelarar, samarbeidspartnarar og publikum med lidenskap for klubben og heimstaden sin. Den evige underdogen som stadig utrettar det naturstridige. Me er enormt stolte over å få vera med på reisa vidare i svart og kvitt, leia av vår barndomskamerat og Sogndals legende Eirik Bakke! Stao no pao!
Stolt hovedtrenar
- Det er utruleg moro at mine barndomsvener Jarle og Jørn saman med resten av gjengen i VREID kjem på drakta vår! Det dei har fått til med bandet er berre heilt fantastisk! Eg har sjølv vore ute i den store verda og spelt fotball foran mange titalls tusen supportarar, og at dei no gjer det samme med musikken sin gjer oss Sogndøler stolte. I år skal me gå heile vegen, og det skal me gjera med Vreid på laget, seier ein stolt og glad Eirik Bakke.
Rock og fotball er religion
Logo på brystet i fotballen betyr meir enn mykje anna. Klubbemblemet og drakta er kva du blør for i krigen mot motstandaren. Samme forhold har mange fans til musikk og bandlogoar óg. Begge symboliserar dei kvar sine kulturar og bevegelsar som ein lojalt følgjer livet ut. Rock og fotball er religion for mange, og dette samarbeidet vil kanskje kunne opne opp for nye tilhengarar av begge deler.
Marknadssjefen gler seg
Terje Teigen er ikkje berre interessert i fotball, han er óg lidenskapeleg glad i musikk, og er sjølv vokalist i det lokale bandet Ivory. Teigen gler seg veldig over dette nye samarbeidet med rockarane i VREID
- Dette er ein veldig fin sak for oss alle, både for fotballklubben, rockebandet og heile den vakre bygda vår. På kvar vår måte har me vist at ein kan få til store ting på små plassar. Me er veldig glade for å få spela på same lag som VREID, avsluttar Terje Teigen.