Sogndal Fotball, Sogndal FK Damer og Syril IL saman om lagløftet!
"Jenter vil mer" er eit prosjekt initiert av Sparebanken Vest for å gje jentefotballen på Vestlandet eit løft. Prosjektet er forankra i ein studie gjort i NFF Hordaland som viser fleire funn på at jentene ikkje vert møtt på ambisjonane sine i fotballen. Sparebanken Vest har oppretta ei søkeordning, kvar klubbar kan søke om å få 20.000 kr til anten (1) draumedag, (2) treningsleir eller (3) auka trenarkompetanse. Andre delen av prosjektet er lagløftet, der tre toppklubbar: Sogndal Fotball, Brann og Arna Bjørnar er med i ei fadderordning som totalt 18 klubbar har søkt på.
Det er gledeleg å endeleg kunne annonsera at Syril IL er klubben som Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer skal sparre med i tida framover. Me skal samsnakka og finne gode løysingar for utviklinga av jente- og damefotballen. Klubbane har til no vore på ei motiverande oppstartssamling i Bergen, der me fekk presentert prosjektet v/ Siv R. Skard (NHH), Sparebanken Vest og sett ein inspirerande Champions League playoff-kamp mellom Brann-Glasgow. No skal klubbane møtast att for å lage ein framdriftsplan i prosjektet.
Trykk her for meir informasjon om prosjektet!
På biletet øverst i saka ser du, frå venstre: Steinar Røysum (Syril), Sebastian Kaldestad (Sogndal FK Damer), Lars-Olav Hausberg (Sogndal Fotball), Frode Alme (Syril), Kristian Ask (Sogndal Fotball), Reimund Breisnes Loven (Syril), Rune Barsnes (Syril).
Me gler oss til å spela på lag, Syril!🤍🖤💛
STAO NO PAO!