Sogndal Fotball søkjer trenarutviklar til utviklingsavdelinga
Ønskjer du å jobbe i utviklingsavdelinga til ein norsk toppklubb? Utviklingsavdelinga
Søknadsfrist: Snarast
Tiltredelse: 1. februar
Samtalar startar fortløpande. Søknad med CV sendast til dagleg leiar Gisle Olsen: [email protected]
Sogndal Fotball har stolte tradisjonar når det gjeld spelarutvikling, og gjennom historia har me fostra fram mange store talent. Som einaste toppklubb i vår region er me ein viktig arena for unge fotballspelarar i heile Sogn og Fjordane. Utviklingsavdelinga jobbar målretta kvar dag for å få fram unge talent og å legge til rette for spelarutvikling. Sogndal Fotball har eit godt renommé både nasjonalt og internasjonalt, og no kan du bli ein viktig del av ei utviklingsavdeling i toppen av norsk fotball.
Rolla som trenarutviklar er avgjerande for å ta det neste steget i utviklinga av unge spelarar og ikkje minst trenarar. Sogndal Fotball søkjer en fotballfaglig sterk trenerutviklar med hovudansvar for videreutviklinga av trenarane internt i utviklingsavdelinga samt kvalitetssikring av klubben sitt planverk som utøvast i praksis. Trenarutviklaren har ansvaret for videreutviklinga og gjennomføringa av eksternt trenarutviklingsprogram.
Om stillinga:
Du får følgjande primære arbeidsoppgåver i stillinga:
- Rettleie trenarar på feltet i samband med treningar og kampar. Vera ein samtalepartnar og støttefunksjon for trenar i det daglege.
- Delta på planlegging, gjennomføring og evaluering av treningar og kampar med fokus på å utvikle trenarane i klubben.
- Lage skriftlege individuelle utviklingsplanar for samtlege trenarar i utviklingsavdelinga med klare mål om korleis ein implementerer klubben sin fotballfilosofi.
- Gjennomføre utviklingssamtalar med kvar trenar minimum 4 gonger pr år, (januar, april, juli og oktober)
- Kvalitetssikre teamprosessen i trenerteama i utviklingsavdelinga.
- Oppdatere og videreutvikle klubben sitt planverk saman med utviklingsansvarleg.
- Kvalitetssikre at treningsprosessen i dei ulike treningsgruppene følgjer klubben sitt planverk.
Samarbeid med utviklingsansvarleg
- Ansvarleg for trenarforum og logistikkmøta i utviklingsavdelinga
- Bistå utviklingsansvarleg med å finne, rekruttere og ansette trenar- og støttefunksjoner for utviklingsavdelinga.
- Delta i klubben sitt arbeid med NTF-akademiklassifisering.
- Fagansvar for klubbens Elitecampar og fotballskular.
Kvalifikasjonar:
- Minimum UEFA A-lisens
- Meget gode samarbeidsevner og bidra til et godt arbeidsmiljø i klubben
- Fordel med trenererfaring fra toppklubb og god kjennskap til Akademiklassifiseringa.
Eigenskapar:
- Strukturert og utviklingsorientert
- Tydeleg kravsettar på toppidrettskultur
- Løysningsorientert
- Stor arbeidskapasitet
- Ambisiøs på eigne og klubbens vegne
- Interessert i å utvikle heile mennesket
Kva kan me tilby:
- Eit drivande og engasjert miljø.
- Tilrettelegging for egenutvikling.
- Lønn etter avtale.
Stillinga er krev stor arbeidskapasitet og fleksibilitet. Du må være fotballfagleg sterk og kunne jobbe etter klubben sin strategi og samarbeide godt i team og mellom ulike lag.
Ønsker du å jobbe for oss må du være sjølvgåande og legge stor stolthet i jobben.
Søknad med CV sendast til dagleg leiar Gisle Olsen: [email protected]
Søknadsfrist: Snarast
Tiltredelse: 1. februar
Samtalar startar fortløpande.