Sogndal Fotball søkjer utviklingsanvarleg til utviklingsavdelinga

Ønskjer du å jobbe i utviklingsavdelinga til ein norsk toppklubb?

Søknadsfrist: Snarast

Tiltredelse: 1. februar

Samtalar startar fortløpande. Søknad med CV sendast til dagleg leiar Gisle Olsen: [email protected]

Sogndal Fotball har stolte tradisjonar når det gjeld spelarutvikling, og gjennom historia har me fostra fram mange store talent. Som einaste toppklubb i vår region er me ein viktig arena for unge fotballspelarar i heile Sogn og Fjordane. Utviklingsavdelinga jobbar målretta kvar dag for å få fram unge talent og å legge til rette for spelarutvikling. Sogndal Fotball har eit godt renommé både nasjonalt og internasjonalt, og no kan du bli leiar for ei utviklingsavdeling i toppen av norsk fotball.

Utviklingsansvarleg er ansvarleg for klubben si toppspelarutvikling, og har ansvar for, og myndigheit til å forme Akademiet iht. klubben sine strategiar og ambisjon for toppspelarutvikling. Utviklingsansvarleg bør også bidra til at utviklingsarbeidet blir ivaretatt i øvrige lag i klubben si barne- og ungdomsavdeling som eventuelt ikke ligg under Akademiet, slik at det byggast ein samanhengande «raud tråd» gjennom klubben sitt utviklingsarbeid.

Om stillinga:

Du får følgjande primære arbeidsoppgåver i stillinga:

  • Hovudansvarleg for prosessen med Akademiklassifiseringa, herunder alle områda i klassifiseringen
  • Dialog med Norsk Toppfotball og Sogndal Fotball sin rettleiar i NTF
  • Dialog med samarbeidsklubbar, NFF Sogn og Fjordane og skular
  • Personalansvar i utviklingsavdelinga
  • Bruk av/innsyn i verktøy som Spelarens Kampår, Trello og Produktivitet
  • Ansvarleg for faglege møtepunkt og fagleg påfyll for tilsette
  • Administrasjon av Sogndal 2, Nasjonale Seriar, NTF Elitetiltak, Internasjonale turneringar og samlingshelger for Sogndal Fotball

Kvalifikasjonar:

  • Minimum UEFA A-lisens eller spelarutviklar A-lisens
  • Meget gode samarbeidsevner og bidra til et godt arbeidsmiljø i klubben
  • Fordel med trenererfaring fra toppklubb og god kjennskap til Akademiklassifiseringa.

Eigenskapar:

  • Strukturert og utviklingsorientert
  • Tydeleg kravsettar på toppidrettskultur
  • Løysningsorientert
  • Stor arbeidskapasitet
  • Ambisiøs på eigne og klubbens vegne
  • Interessert i å utvikle heile mennesket

Kva kan me tilby:

  • Eit drivande og engasjert miljø
  • Tilrettelegging for egenutvikling
  • Lønn etter avtale

Stillinga er krev stor arbeidskapasitet og fleksibilitet. Du må være fotballfagleg sterk og kunne jobbe etter klubben sin strategi og samarbeide godt i team og mellom ulike lag.

Ønsker du å jobbe for oss må du være sjølvgåande og legge stor stolthet i jobben.

Søknad med CV sendast til dagleg leiar Gisle Olsen: [email protected]

Søknadsfrist: Snarast

Tiltredelse: 1. februar

Samtalar startar fortløpande.

Annonse fra Obos-ligaen: