Sogndal G19 er vidare i NM!

Sogndal G19 vann komfortabelt heime mot Hallingdal og er vidare i cupen!

Sogndal G19 gjorde jobben mot Hallingdal, og er vidare i cupen. Det var aldri nokon tvil om kven som var det beste laget, og kampen enda 5-0 til våre gutar. Måla vart scora av Linus Heggestad x2, Sander Aske Granheim, Viljar Stavø og Johannes Konstali-Lødemel.

Dette var laget som starta dagens kamp:

Magnus Stær-Jensen, Markus Bringas, Gudmund Andresen, Noah Heggestad, Sander Aske Granheim, Linus Heggestad, Ola Lerheim Olsen, Elling Ingeson Kvåle, Mathias Krogh Ravnestad, Andreas Haugen Duesund og Havila Bonabandi.

Sogndal G19.png

Det var heimelaget som kom best i gang med kampen, og ein skapte nokre farlege sjansar som ikkje enda i mål. Bortelaget kom på nokre få overgangar, men keeper Magnus Stær-Jensen hadde god kontroll. Fyrst etter 45 minutt spelt kom leiarmålet. Ola Lerheim Olsen la ballen i ein fin boge over forsvaret og inn mot 5-meteren. I enden av pasninga kom Linus Heggestad springande og banka ballen i mål på direkten. Ei flott scoring like før pause, og det stod 1-0.

Kort tid etter pause var det Sander Aske Granheim sin tur. Etter å ha motteke ballen utanfor 16-meteren drog han seg inn mot mål, og frå 16 meter plasserte han ballen enkelt i mål. Dermed stod det 2-0, og karadn var ikkje ferdige. Etter 55 minutt spelt var Havila Bonabandi i leikehumør ute til venstre. Han dribla seg gjennom forsvaret og la ballen inn framfor mål. Frå 6 meter stanga Linus Heggestad ballen i mål, og det stod 3-0.

Utover omgangen fekk Patrik Karoliussen brukt benken sin, og innbyttarane leverte varene. Etter 75 minutt blei Viljar Stavø klipt ned av keeper inne i feltet. Det betyr straffespark, og frå 11 meter er sjølvsagt Stavø sikker. 4-0 med 15 minutt igjen av kampen. På overtid kom kampens siste scoring, og det var på dødball den kom. Elling Ingeson Kvåle svinga ballen inn i boks, og der knuste Johannes Konstali-Lødemel alle i lufta og stanga inn dagens 5. scoring. Målet blei feira på spektakulært vis. Sjå mål i videoen under:


I dag avslutta me kampen med heile 3(!) brødrepar på bana. Noah og Linus Heggestad, Johannes og Marius Konstali-Lødemel og Viljar og Sverre Stavø var alle på bana i sluttminuttane. No er karadn klare for den neste runden i NM, og me kjem tilbake med informasjon når trekninga er klar. På søndag klokka 18:00 spelar dei for Sogndal 2 heime mot Stryn. Dette er siste kamp før ferien!

STAO NO PAO!

IMG_6571 a.JPG
Johannes Konstali-Lødemel feira med salto!
Annonse fra Obos-ligaen: