Sogndal NG19 er klare for finale etter siger mot Rosenborg!
Sogndal NG19 slo ut Rosenborg over to kampar og er finaleklare! Sogndal G19
Sogndal NG19 er i B-sluttspelet av den nasjonale serien. I vår spelte ein i gruppespelet mot Molde, Aalesund og Rosenborg der dei to fyrstnemnde gjekk til A-sluttspelet og dei to resterande til B-sluttspelet. På vegen mot finalen har ein no vunne mot både Bodø/Glimt og Rosenborg!
Oppgjeret i Trondheim enda 2-2, og dagens kamp vart difor heilt avgjerande. Kampen byrja bra for heimelaget og allereie etter 8 minutt kom leiarmålet. Mohammad Ali vart spelt igjennom, runda keeper på elegant vis og satte ballen kontrollert i mål. Etter berre 13 minutt kom dagens andre scoring, og karadn dobla leiinga. Mohammad Ali var ei skikkeleg plage for Rosenborgforsvaret og pressa fram feil på feil. Etter eit heilhjerta press kom feilen og Andreas Haugen Duesund snappa ballen og satte den sikkert i mål. 2-0 var stillinga til pause, og karadn leverte ein solid omgang.
I andreomgang fortsatte trøkket, og berre 2 minutt inn i omgangen auka leiinga med ei kanonkule frå Havila Bonabandi. Sverre Stavø, som kom inn for ein skadd Mohammad Ali, fann Havila Bonabandi i fint driv framover i bana. Frå over 20 meter banka han til og sendte ballen via tverrliggaren og i mål.
Utover omgangen skulle det allikevel bli spenning. Rosenborg reduserte etter 66 minutt, og etter 77 minutt stod det 3-2. Bortelaget pressa på for utlikning, men istaden skaffa Sverre Stavø straffespark. Diverre gjekk forsøket frå storebror Viljar Stavø i stolpen og ut. Heldigvis stod ein i mot resten av kampen og drog sigeren i land. Det betyr 5-4-siger samanlagt, og no ventar anten Viking eller Vålerenga i finalen. Me kjem tilbake med meir info når det er klart når og kvar den skal spelast.
STAO NO PAO!