Sogndal NG19 til finale!
Sogndal NG19 vann mot Vålerenga i kveld, og er klare for finale! Sogndal G19
Sogndal NG19 er klare for finalen i B-sluttspelet av OBOS Nasjonal G19 etter ein sterk siger mot Vålerenga i kveld! Turneringa er bygd opp av eit gruppespel på våren og sluttspel på hausten. Sogndal spelte i gruppe med Viking, Brann og Haugesund. 3. plass i gruppa gjorde at dei i haust har spelt i B-sluttspelet, og gjort sakene sine veldig bra!
Kveldens kamp mot Vålerenga enda med ein sterk 3-1 siger til vår gutar. Kristian Kongelf scora 2 av måla før Viljar Stavø satte det tredje og sikra sigeren. Heimekampen førre onsdag enda 0-0, som betyr at det no skal spelast finale! Tommy Øren var ein nøgd trenar etter kampen:
- Dette var ein solid gjennomført kamp. Me slepp til lite og har god kontroll på Vålerenga. Så scorar me nokre fantastiske mål med Kristian Kongelf og Viljar Stavø. Me har jobba med å vera kompakte og klarte det godt i dag. Det var ein tvers igjennom fantastisk innsats frå heile gjengen. Også sterkt mentalt frå fleire i gruppa som hadde ein tøff kamp for Sogndal 2 i helga. Det var veldig godt å få ein siger!
Finalen spelast mot Haugesund som i dag vann heile 7-0 mot Kristiansund. Det blir ein tøff kamp, men i dei to tidlegare kampane mot Haugesund i år var det våre gutar som stakk av med sigeren! Meir informasjon om finalen kjem frå NFF dei neste dagane.
Me gratulerar våre gutar med ein knallsterk siger, og gler oss til finalen!
STAO NO PAO!
Foto: Ørjan Hestetun