Sogndal United på landsturnering i Bodø!

I helga var denne herlige gjengen på tur til Bodø på landsturnering!

I helga reiste Sogndal United til Bodø for å delta på Landsturnering. I løpet av helga spelte dei kampar, deltok på bankett og fann på mykje morro.

Les meir om Sogndal United her!

Spelarane som reiste på tur var Ida Solheim, Sigurd Sandvik, Pål Sletten, Jan Egil Fimreite, Anne Fischer og Jane Aks. Med på tur var også Hans Petter Sandvik, Isak Sørensen, Edvin Skjerven, Lene Fuhr Sandvik, Kirsten Tufte og trenarane Endre Kupen og Marianne Raad Larsen. 

Bak f.v Hans Petter Sandvik, Kirsten Tufte, Anne Fischer, Jane Aks, Isak Sørensen, Jan Egil Fimreite, Sigurd Sandvik og Ida Solheim Framme f.v Edvin Skjerven, Lene Fuhr Sandvik, Marianne Raad Larsen og Pål Sletten
Bak f.v Hans Petter Sandvik, Kirsten Tufte, Anne Fischer, Jane Aks, Isak Sørensen, Jan Egil Fimreite, Sigurd Sandvik og Ida Solheim Framme f.v Edvin Skjerven, Lene Fuhr Sandvik, Marianne Raad Larsen og Pål Sletten

Landsturneringa i Bodø er ein turnering for dei med funksjons og utviklingsnedsetting. Det blir arrangert turnering i både fotball og håndball kvart år, og i år var det Bodø som var arrangørby. Helga består av mange aktivitetstilbod i tillegg til sjølve fotballkampane. På fredag når Sogndal United kom til Bodø deltok dei på seminar med Frode Thomassen som er dagleg leiar i Bodø/Glimt. Det er også lagt opp til at ein kan utforske kva byen har å by på utanom sjølve turneringa. På fredag var det også parade og åpningsseremoni med mykje fest og morro!

Marianne Raad Larsen og Endre Kupen på veg til Bodø
Trenarane Marianne Larsen og Endre Kupen på veg til Bodø

I løpet av helga spelte Sogndal United 4 kampar og dei gjorde det veldig bra! Den fyrste kampen gjekk mot Innstranda Tigers og Sogndal vann heile 23-11! Alle på laget scora fleire mål og det vart ein perfekt start på turneringa for gjengen. Kamp nummer 2 gjekk mot Lillestrøm, og ein målrik kamp enda til slutt uavgjort 21-21. Siste kamp på laurdagen enda med ein ny siger mot Nessegutten og det stod 16-12 når kampen var ferdigspelt! Etter ein lang dag med fotball var det tid for å sleppe seg laus på bankett! Over 1700 personar samlast til bankett på laurdagskvelden. Her vart det servert ein god middag med dessert og kvelden fortsatte med konsert og disco. 

Spelarane fekk møte John Carew
Stas å møte store stjerner - John Carew saman med Jan Egil Fimreite og Ida Solheim

På søndag var det Pioner Power som var motstandar i siste kamp før heimreise, og Sogndal United avslutta med stil. Kampen enda med kalassifra 22-6, og gjengen kunne reise heim ubesigra! Det vart ein flott tur for alle spelarane og ein tek med seg mange flotte minner heim frå Bodø! 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: