Sogndalsakademiet søkjer trenarar!

Den perfekte starten for deg som ønskjer å bli trenar!

Sogndalsakademiet er eit fotballtilbod for spelarar mellom 6 og 12 år. Det blir arrangert 3 treningar i veka, og alle treningane går inne i Sognahallen. Me søkjer fleire trenarar til den kommande sesongen, og håpar at akkurat du vil prøve deg!

Å vere trenar for Sogndalakademiet er ei kjekk oppgåve som passar for deg som ønskjer å bli trenar. Dette er ein flott inngang til trenaryrket, og det er mange trenarar i Sogndal Fotball som har byrja i akademiet. Ein får ferdig planlagte økter og tilgang på det utstyret ein treng. Ein får også moglegheit til å planlegge økter sjølv om det er ønskeleg.

Torgrim Hjelle Eltvik, Anton Sekkingstad og Marianne Raad Larsen er ansvarlege for Sogndalakademiet!
Torgrim Hjelle Eltvik, Anton Sekkingstad og Marianne Raad Larsen er ansvarlege for Sogndalakademiet!

Som trenar i Sogndalakademiet får ein betalt 250kr per økt. I tillegg får ein mange flotte erfaringar som trenar, og eit fint tillegg på cv-en. Ta kontakt med anten Marianne Raad Larsen, Torgrim Hjelle Eltvik eller Anton Sekkingstad  for ein uforpliktande prat!

STAO NO PAO!

Sogndalsakademiet

Annonse fra Obos-ligaen: