Sognekraft forlengjer avtalen!

Sognekraft-konsernet er med oss på laget i 2025!

Sognekraft er ein av våre største samarbeidspartnarar og me er veldig glade for at dei ønskjer å vere med på laget også i 2025!

Sognekraft vart skipa 14. mars 1947 av kommunar og kraftlag i midtre og indre sogn for å betre kraftforsyninga til innbyggjarar og næringsliv. Sidan då har konsernet sakte men sikkert auka, både i storleik og omfang. I dag består Sognekraft-konsernet av fleire dotterselskap som er godt kjende for folk i regionen. Sognekraft Produksjon, Nettselskapet Sygnir, Sognenett og Sogn Utvikling. Sognekraft set krefter i sving, og me set stor pris på at me har dei både på og i ryggen!

Viljar Stavø jublar etter scoring og har Sognekraft sin logo på ryggen
Viljar Stavø hadde Sognekraft i ryggen når han scora mot KFUM i cupen!

Ein viktig del av avtalen vår med Sognekraft er at me saman arrangerer Draumedag for lag i regionen. I år var det Jotun J11 og ÅTIL J12 som var dei heldige vinnarane av ein draumedag saman med Sognekraft, Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer. Jentene vart henta i Stao no pao-bussen og køyrd til Fosshaugane Campus. Her venta A-lagsgarderoben med eigne drakter, diverse gåver frå Sognekraft og proff oppladning til trening og kamp. Ute på bana venta spelarar frå Sogndal Fotball og Sogndal FK klare til å gi jentene ein flott dag med masse fotball og morro!

Les meir om draumedagen her!

Draumedag med Sognekraft
Draumedag med Sognekraft, Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer

- Det er utruleg viktig for oss å ha med Sognekraft vidare både på og i ryggen. Me set stor pris på at dei forlengjer avtalen no, og gler oss til ein ny sesong saman med dei, fortel marknadsansvarleg Terje Teigen.

Vil du også vere med på laget i 2025? Me treng støtta di!

Kjøp sesongkort no!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: