
Solid siger borte mot Aalesund!
Me tek med oss 3 poeng heim frå Aalesund! A-laget
Det vart ein perfekt 16. mai borte mot Aalesund i dag! Strålande vær, to scoringar, null baklengs og 3 poeng! Martin Høyland sendte oss i føringa i fyrsteomgang og Daniel Arrocha dobla leinga frå straffemerket berre nokre få minutt seinare! I andreomgang tetta ein igjen bak og Lars Jendal holdt buret reint! Dermed tek me med oss 3 poeng heim frå Ålesund i dag!
Det var heimelaget som kom best i gang med kampen, og hadde mest ball dei fyrste 10 minuttane. Utover omgangen tok me meir over og skapte problem for forsvaret til Aalesund. Etter 33 minutt spelt vann Martin Høyland igjen ballen høgt i bana, drog seg inn mot mål og avslutta via ein forsvarar og i mål! Fortent leiing etter fleire store moglegheiter.

Berre 3 minutt etter kom det ein ny sjanse for bortelaget. Edmund Baidoo skapte mykje problem for Thomas Grøgaard på høgrekanten sin. Etter 36 minutt drog han seg inn, og fann Oliver Hintsa. Vår svenske spiss fann landsmann Felix Eriksson i feltet. Der vart han felt, og dommar peika på straffemerket. Som mange gonger tidlegare i sesongen var det Daniel Arrocha som gjekk fram og satte ballen sikkert i mål! Dermed stod det 2-0 til pause.
Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger
I andreomgang kom det ingen fleire mål, og heile laget forsvarte seg på ein god måte. Når det var spelt 74 minutt fekk med også eit gledeleg gjensyn med Kasper Skaanes som endeleg er tilbake etter skade. Like etter var han også nær å score når han sprang frå heile Aalesund og kom åleine med Sten Grytebust. Diverre let scoringa venta på seg, men det var uansett godt å ha Kasper tilbake på bana!
No ventar Raufoss i neste kamp heime på Fosshaugadn! Kampen spelast onsdag 22. mai klokka 19:00. Me håpar å sjå deg på stadion, og gler oss til å jakta nye poeng!
PS: På laurdag klokka 15:00 spelar Fjøra og Sogndal 2 toppkamp i Kretsligaen. Møt opp på Fosshaugadn og lag ein skikkeleg fotballfest!
STAO NO PAO!