Sondre har forlenga!

Sogndal Fotball og Sondre Holmlund Ørjasæter har signert ny avtale

Sogndal Fotball og Sondre Holmlund Ørjasæter har i dag blitt samde om å forlenga samarbeidet ut sesongen 2024.

Den fotrappe midtbanespelaren kom til oss før årets sesong frå Stryn, og har gjort sakene sine særs godt i Kvitedrakta.

- Sondre si flotte utvikling og særegenheit gjer at me allereie no vil forlengja samarbeidet vårt, seier Håvard Flo.

- Eg er veldig glad for denne tilliten, seier Sondre. Han har funne seg godt tilrette i både klubben og bygda.

- Her i Sogndal har me det bra! Eg har det veldig gøy her, både på bana og elles. Gutta på laget har teke godt i mot meg, eg stortivast her, fortel Sondre.

- Eg hadde nok forventa at det skulle lenger tid, men med tillit frå trenarteamet har eg óg fått sjølvtillit. Det er moro at me får lov til å prøva på ting, då eg likar å skapa noko med ballen offensivt, seier Sondre.

Håvar Flo ser lyst på framtida til Sondre.

- Med denne resigneringa, sikrar me at både Sondre og Sogndal kan utvikla seg vidare under Tore André Flo og hans team, avsluttar Håvard Flo.

Me gler oss til fine år i lag med Sondre!

 

Annonse fra Obos-ligaen: