Sondre til Eliteserien
Har signert med Lillestrøm for to år
Vår kjære og dyktige fysioterapeut Sondre Sjøgren Jakobsen tek steget opp ein divisjon. No skal den sympatiske karen frå Skien stella godt med Akor, Igoh og resten av Kanarifuglane på Åråsen.
Sondre kom til oss i mai 2020, og vart raskt ein fin del av gjengen her på Fosshaugane. I dag tok han farvel med kollegaer og vener med ein klump i halsen.
- Ja, det er med blanda kjensler eg reiser då det blir veldig trist å reisa frå gode vener og alle dei fine folka i klubben og bygda. Samstundes er det veldig spennande det eg skal inn i no med ein ny utfordring i ein divisjon opp.
Sondre kjem til ein stor klubb med ein fantastisk tilhengerskare. Han vil jobba i lag med eit erfarent trenarteam og Lillestrøm gjorde ein veldig god sesong i fjor.
- Eg gler meg til store kampar, og er me med der oppe, kan det óg bli spel i Europa neste år, seier skiensguten som ser fram til å bu nærare familie og vener på Austlandet.
Og han legg ikkje skjul på at han vil sakna Sogndal.
- Eg fekk oppleva mange fine stunder i klubben, der sigeren over akkurat Lillestrøm på Åråsen heng høgt. Tapet mot Mjøndalen i opprykksfinalen var derimot det tristaste eg fekk oppleva, det gjorde vondt gjennom heile ferien etterpå.
Sondre fortel at han óg vil sakna naturen, der det vart flotte skiturar på vinteren, og flotte opplevingar i fjellet om somaren.
- Men eg kjem definitivt ikkje til å sakna gliset til Geir Stenehjem frå turane våre, der eg ofte hang etter som eit slips om det vart ekstra røffe tak!
Me takkar Sondre for ein flott tid i lag, og ønskjer han lukke til vidare!