Statusrapport på Svingenbygget!

Det nermar seg tett bygg på kortsida på Fosshaugane Campus!

Svingenbygget er i ferd med å ta form og om rundt ein månad vil det vera eit tett bygg. Framdrifta går etter planen og om eit år vil bygget stå klart. Når alt av arbeid er gjennomført vil bygget husa mellom anna Vestlandsforskning og Norconsult. Dei flyttar inn i nye og moderne kontorlokal i eit nytt signalbygg i Sogndal.

Her kan ein sjå utviklinga i bilete:

Fosshaugane AS investerer 120 millionar kroner for å få opp dette bygget. Etter at Norconsult etablerte seg på Fosshaugadn har dei auka tal tilsette monaleg. Dette har sett krav om større lokal, og no blir dei ein del av det nyaste bygget på Campus. Vestlandsforskning finn du i dag i det eldste bygget på Fosshaugadn som ligg i forlenginga av Sognahallen mot aust. 1.september 2025, vil dei om lag 40 tilsette flytta inn i Svingenbygget saman med Norconsult. Dette er eit flott eksempel på at samhandling skapar vekst for den enkelte og for fellesskapet.

Slik ser bygget ut i dag:

Det har kome nokre spørsmål om selskapet byggjer ny tribune i dette bygget. Det gjer dei ikkje. Det nye bygget er eit reint næringsbygg med eksisterande tribune i front mot bana. Det vil seie at sjølve tribuna blir den same som før, men at bygget bak vil huse nye fasilitetar.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: