Storsiger mot Sandane!

Sogndal 2 ga seg ikkje før det stod 7-0 på tavla borte mot Sandane

Det vart nok ein god prestasjon og eit flott resultat for Sogndal 2 i kveld. På bortebane mot Sandane vann ein til slutt 7-0, og 3 poeng vart med heim til Sogndal. Mål av Óskar Borgþórsson, Joakim Nundal x2, Viljar Stavø, Ola Lerheim Olsen og Havila Bonabandi x2 var fasit etter 90 minutt på Sandane Idrettspark.

Dette var laget som starta kampen:

Daniel Gjerde Sætren, Sander Aske Granheim, Emmanuel Olugbe, Mathias Øren, Johannes Konstali-Lødemel, Óskar Borgþórsson, Marius Årøy, Isaac Twum, Ola Lerheim Olsen, Joakim Nundal og Viljar Stavø.

Sogndal 2 borte (2).png

Det var heimelaget som byrja kampen best, og etter 20 sekund fekk Filip Mardal ein megasjanse til å sende Sandane i føringa. Ein god Daniel Sætren nekta å sleppe inn, og fekk redda to gonger. I staden var det våre gutar som scora det fyrste målet i motsett ende. Joakim Nundal vann ballen høgt i bana og spelte vidare til Viljar Stavø. Spissen fann Óskar Borgþórsson i feltet, og islendingen satte ballen sikkert i mål.

Berre 4 minutt etter dobla ein leiinga, og det var Joakim Nundal som satte ballen i mål. Viljar Stavø og Johannes Konstali-Lødemel kombinerte seg oppover venstresida, og fyrstnemnde la inn mot bakerste. Der venta Óskar Borgþórsson som fekk avslutta. Skuddet vart blokkert, men på returen var Nundal sikker.

Kveldens tredje var det Viljar Stavø som stod for. Eit høgt innlegg frå Sander Aske Granheim vart heada inn i boks frå Johannes Konstali-Lødemel. Der venta målsniken Stavø og dempa ballen på brystet før han satte ballen i mål. På stillinga 0-3 fekk kaptein Marius Årøy "blått kort" og måtte sjå dei neste 10 minuttane frå sidelinja. 

Like etter at Årøy var tilbake på bana kom 0-4. Viljar Stavø var nok ein gong arkitekt bak målet og utfordra inn i feltet. I staden for avslutning fann han ein betre plassert Joakim Nundal som fekk æra av å sette inn sitt andre. Like før pause ville Ola Lerheim Olsen vera med på festen, og frå utanfor 16-meteren banka han ballen heilt opp i krysset. Ei skikkeleg perle avslutta omgangen og det stod 0-5 på tavla til pause.

I andreomgang gjorde bortelaget mykje byter, og to av dei som kom inn skulle markera seg med ein gong. Andreas Kalstad dribla seg laus på høgrekanten og fann Havila Bonabandi inne framfor mål. Han satte ballen sikkert i mål, og berre 1 minutt ut i andreomgang stod det 0-6. Så kom regnet, og det tok lang tid før neste scoring. Fyrst 5 minutt før slutt var det same mann som skulle sette ballen i mål. Markus Bringas tok på seg servitørrolla og leverte ein flott pasning inn framfor mål. Havila Bonabandi kom skliande inn og satte ballen forbi Erlend Hetle i Sandanemålet. Det enda 0-7 mot Sandane.


No gjenstår det berre ein kamp for Sogndal 2 før sommarferien. Den skal spelast på heimebane mot Stryn, og kampen går søndag klokka 18:00. Lerum Cup går for fullt, og kanskje blir det publikumsfest også for Sogndal 2!

STAO NO PAO!

Asset 1 Asset 2
1
Sætren


4
Granheim
30
Olugbe
Substituted out 73'
18
Øren
Substituted out 56'
3
Konstali-Lødemel


9
Borgthórsson
Substituted out 45'
Goal 7'
15
Olsen
Goal 45'
25
Twum
Substituted out 57'
8
Årøy


26
Nundal
Substituted out 45'
Goal 11'
Goal 42'
10
Stavø
Goal 19'
Innbytarar
17
Andresen
Substituted in 73'
7
Bringas
Substituted in 56'
2
S. Heggestad
20
L. Heggestad
23
Kalstad
Substituted in 45'
22
Kvåle
Substituted in 57'
14
Ravnestad
19
Bonabandi
Substituted in 45'
Goal '
Goal '
16
Duesund
Innbytarar
  • 17
    Andresen
    Substituted in 73'
  • 7
    Bringas
    Substituted in 56'
  • 2
    S. Heggestad
  • 20
    L. Heggestad
  • 23
    Kalstad
    Substituted in 45'
  • 22
    Kvåle
    Substituted in 57'
  • 14
    Ravnestad
  • 19
    Bonabandi
    Substituted in 45'
    Goal '
    Goal '
  • 16
    Duesund

Annonse fra Obos-ligaen: