Surt tap mot Kristiansund

Det enda med eit surt tap mot Kristiansund i kveld

Det enda med eit surt tap mot Kristiansund i kveld. Me prøvde å kjempa oss tilbake i kampen i andreomgang, men på overtid drepte Kristiansund det som var igjen av håp. Det enda 2-4 på Fosshaugadn.

Det vart ein fyrsteomgang under pari, og me gjekk til pause på stillinga 0-2. Dan Peter Ulvestad stanga inn 0-1 etter 14 minutt, og Torgil Gjertsen dobla leiinga etter 38 minutt. Det var likevel gode sjansar for å snu kampen, og me satte opp eit høgare tempo i andreomgang. 

Mange store sjansar og bra trøkk mot målet til Kristiansund skulle til slutt løna seg. Når det var spelt 68 minutt spelte Andreas Hoven inn til Sondre Ørjasæter som banka ballen i mål. 1-2 og fornya håp om å få med oss poeng. Diverre fekk Kristiansund straffe i det 82 minutt som Brynjolfur Darri Willumsson satte i mål. 1-3, men me gav ikkje opp endå. Andreas Hoven var ikkje ferdig for kvelden, og krangla ballen i mål etter kaos i boksen. 2-3 og skikkeleg trøkk på tribuna når me gjekk inn i overtida.

I det 95. minuttet punkterte Kristiansund kampen når Mikkel Rakneberg scora det fjerde for Kristiansund. Det enda med tap til tross for ein innhaldsrik og offensiv andreomgang. Under kan du sjå høgdepunkta:


Tusen takk for støtta frå publikum i dag. De hadde fortent ein siger. Heldigvis kjem det ein ny sjanse allereie på laurdag når Moss kjem på besøk.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: