Surt tap mot Stabæk

Sjanse på sjanse på sjanse, men for få mål gjorde at Stabæk stakk av med sigeren på Fosshaugadn i dag

Det enda med 2-3-tap i ein innhaldsrik kamp mot Stabæk. Oliver Hintsa sendte oss i føringa før det var spelt 1 minutt, før Stabæk snudde kampen. Etter pause utlikna Martin Høyland til 2-2, men Stabæk trakk det lengste strået og sikra 3 poeng på slutten av kampen.

Me fekk ein pangstart på kampen når Oliver Hintsa sendte oss i føringa før klokka hadde passert 1 minutt. Eit frispark frå Jacob Blixt Flaten fann Daniel Arrocha på bakerste stolpe. Kapteinen stanga ballen på tvers, og framfor mål venta Oliver Hintsa som heada ballen i nettet! 1-0 og ein pangstart på kampen.

IMG_3194 a.JPG
Oliver Hintsa satte inn leiarmålet!

Karadn fortsatte å køyra over bortelaget og skapte fleire enorme sjansar. Redning på strek, stolpetreff og blokkeringar gjorde at det ikkje stod 2-0 på tavla tidleg i kampen. Istaden var det Stabæk som utlikna etter 14 minutt spelt. Skotet frå Oskar Spiten-Nysæter vart fyrst blokkert, men returen banka han inn på volley. 1-1 på ein av få moglegheiter for bortelaget.

Til tross for nye sjansar for heimelaget var det igjen Stabæk som var effektive. Ein pasningsfeil i forsvaret vart fanga opp av Stabæk sin fyrste målscorar. Frå midtbana gjorde han jobben sjølv og like utanfor 16-meteren banka han ballen forbi Lars Jendal. Eit effektivt bortelag leia difor 1-2 til pause.

Etter kvilen var det bortelaget som styrte kampen. Fyrst midtvegs i omgangen byrja karadn å ta over, og utlikninga kom i det 73. minutt. Edmund Baidoo svinga rundt med Stabæk ute til høgre og la inn framfor mål. Stabæk klarerte, men på 16-meterstreken stod Martin Høyland og banka ballen i mål på volley. 2-2 og me var tilbake i kampen.

IMG_3505 a.JPG
Martin Høyland scora 2-2 mot Stabæk

Diverre var det bortelaget som skulle avgjere kampen, og i det 83. minuttet kom vinnarmålet. Stabæk rulla opp eit angrep til høgre, og la ballen ut til 16-meteren. Der venta Thomas Roberts som plasserte ballen fint inne ved stolpen. Dermed stod det 2-3, og det enda med eit surt tap på Fosshaugadn.

Tusen takk for støtta til dei som var på Fosshaugadn i dag! Me håpar de kjem igjen allereie neste søndag når me tek i mot Egersund på heimebane. Kampen spelast søndag 9. juni klokka 17:00. Då skal me tilbake på vinnarsporet!

STAO NO PAO!

IMG_3249 a.JPG
Tusen takk for støtta!
Asset 1 Asset 2
1
Jendal


11
Hoven
Substituted out 42'
4
Arrocha
32
Øren
17
Sjølstad


7
Baidoo
Substituted out 88'
6
Høyland
Goal 72'
8
Blixt Flaten
77
Borgthórsson
Substituted out 45'


30
Flataker
9
Hintsa
Substituted out 74'
Goal 0'
Innbytarar
21
Stær-Jensen
16
Olugbe
Substituted in 42'
34
Kongelf
Substituted in 88'
10
Skaanes
Substituted in 45'
29
Steinset
20
Twum
36
Årøy
37
Konstali-Lødemel
31
Nundal
Substituted in 74'
Innbytarar
  • 21
    Stær-Jensen
  • 16
    Olugbe
    Substituted in 42'
  • 34
    Kongelf
    Substituted in 88'
  • 10
    Skaanes
    Substituted in 45'
  • 29
    Steinset
  • 20
    Twum
  • 36
    Årøy
  • 37
    Konstali-Lødemel
  • 31
    Nundal
    Substituted in 74'

Annonse fra Obos-ligaen: