Takk for ein fantastisk Lerum Cup 2024!

Lerum Cup 2024 er over og me ønskjer å takke alle involverte

Lerum Cup 2024 er over, og det er tid for å takke alle dei involverte. Over 4500 spelarar har vore i aksjon denne helga, og det har truleg vore over 10000 besøkjande tilknytt Lerum Cup! Det hadde aldri vore mogleg utan enorm innsats frå frivillige!

Meir enn 500 frivillige har bidrege til gjennomføringa av Lerum Cup. Kvar og ein utgjer eit viktig bidrag for at turneringa skal gå føre seg, og me er særs takknemlege for alle som har hjulpe til. Me vil også takke samarbeidsklubbane Hafslo, Bjørn og Kaupanger for eit godt samarbeid. Saman skapar me sommarens vakraste fotballeventyr.

Tusen takk til alle dommarar som har bidrege under Lerum Cup. Det er mange dommarar i sving gjennom helga, og som me alle veit - utan dommar, ingen fotballkamp. Me håpar de er klare til ny innsats neste år!

Lerum cup 2025 spelast frå laurdag 21. - måndag 23. juni. Innsjekk blir på fredag 20 juni, slik som i år. Set av helga allereie no. Informasjon om påmelding kjem på lerumcup.no!

Tusen takk for innsatsen og velkommen til Lerum Cup 2025!

Annonse fra Obos-ligaen: