Takk for innsatsen: Kristoffer Nessø
Etter tre år i klubben reiser no Kristoffer vidare
Sesongen er over, og me vil den neste tida takke av dei spelarane som har spelt sin siste kamp for klubben. Den neste spelaren er Kristoffer Nessø.
Kristoffer kom til Sogndal før 2021-sesongen. Då hadde han spelt to sesongar på Toten for Raufoss, og valgte Sogndal når kontrakta gjekk ut. I den fyrste sesongen på Fosshaugadn vart det 21 kampar i den siste sesongen under Eirik Bakke.
Kristoffer har alltid vore ein hardtarbeidande og lojal spelar. I løpet av tida i Sogndal har han spelt både på kanten, som spiss og som indreløpar. Han har faktisk også gjort jobben som back når det har vore nødvendig. På tre sesongar vart det 73 kampar i Sogndaldrakt, og 13 mål.
No ventar nye utfordringar for Kristoffer, men fyrst går turen heim til Nord-Norge med familien. Me rakk ikkje å ta ein prat med han før han reiste, men heldigvis finst det andre løysingar. Intervju med Kristoffer kan du sjå under:
Takk for innsatsen og masse lukke til vidare Kristoffer!
STAO NO PAO!