Tap i heimekampen mot Ranheim

Me tapar 2-0 mot laget frå Ranheimsfjæra

Det ville seg ikkje i dag heller, og når klokka passerte 90 minutt stod det 0-2 på storskjermen. Bortelaget scora ein gong i kvar omgang medan me ikkje kom nærare enn eit stolpeskot. Då enda det diverre med nok eit tap.

Når det var spelt 23 minutt kom leiarmålet til Ranheim. Etter eit lite trøkk på vår venstreside fekk dei spelt seg fram til 16-meteren. Veteran Per Ciljan Skjelbred trilla ballen i støtte til Sander Amble Haugen som banka til. Frå utsida av 16-meteren fekk han eit flott treff og ballen gjekk direkte i mål. Bortelaget var i føringa til pause.

I andreomgang var det igjen Ranheim som skulle finne vegen til nettmaskene. Dennis Bakke Gaustad fekk ballen ute til høgre i bana. Der gjorde han alt sjølv og drog seg inn i bana. Frå 15 meter banka han ballen inn ved næraste stolpe, og kampen var avgjort.

Me tok ein rask prat med ein skuffa hovudtrenar etter kampen:


No ventar Raufoss på bortebane i ein siste seriekamp før landslagspausen. Me skal kome sterkare attende!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: