Tap i Molde

God gjennomkøyring der heimelaget vann 2-0

Det vart 2-0 til Molde i dagens treningskamp på Aker Stadion i Molde. Det vart skåra eitt mål i kvar omgang.

Karane våre klarte seg bra mot det som kanskje er det beste laget i landet, og hadde nokre sjansar til å skåra mål. 

Me snakka med trenar Eirik Bakke etter kampen mot Molde



- Dette var ein god treningsøkt mot eit godt lag. Det er mykje positivt å ta med seg heim på bussen etter denne kampen, sa Eirik etter kampen.

Les om kampen i Porten

Endre Kupen starta kampen i dag, og me snakka litt med han og Kristoffer Nessø i den kalde vuinden utanfor Aker Stadion





Me snakka óg med kaptein Axel Kryger etter kampslutt.

Me starta dagens kamp med dette laget:
Morice Mbaye – Axel Kryger, Mansour Gueye, Eirik Lereng – Daniel Eid, Johan Johannessen Bakke, Mathias Blårud, Andreas Hoven – Anders Johannessen Nord, Endre Kupen, Kristoffer Nessø

På benken hadde me:
Mathias Sundberg, Noah Solskjær, Tobias Bjørnebye, Iver Skorve,  Filip Mardal, Erik Flataker, Jørgen Johnsen

Les om kampen i Sogn Avis

I morgon får karane fri, men allereie på søndag er det ny treningskamp heime på Fosshaugane med Raufoss som motstandar. Då håpar me at folk tek turen for å sjå karane - kjøp din billett her
Billettpris: 100,- (kun Fylkestribuna og Sognekraft Øvre).


Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: