Tap mot Aalesund i Kalvenes sin fyrste kamp

Det vart ingen draumestart med ny trenar i kveld

Meir vilje og trøkk, men framleis mykje å jobbe med. Aalesund var det beste laget og stikk av med sigeren på Fosshaugadn i kveld. Ei scoring i andreomgang var nok, og me går no inn i landslagspausen med 8 strake tap.

Den fyrste omgangen enda utan scoringar og var prega av mange tette duellar og to forsiktige lag. Aalesund var klart nærast scoring når Lars Jendal måtte ut i full strekk. I andreomgang kom leiarmålet til bortelaget raskt. På ein corner frå Aalesund si høgre side stanga midtstoppar Mads Nielsen ballen i mål.

Utover omgangen kunne bortelaget scora fleire gonger, men unøyaktigheit og ein god keeper hindra fleire baklengs. Istaden var det tid for ein sluttspurt av karadn, og når det var spelt 85 minutt satte Oliver Hintsa ballen i mål. Jesper Robertsen sendte avgårde eit skot frå distanse og returen satte den svenske spissen i mål. Diverre er marginane verkeleg i mot oss for tida og assistentdommaren annulerte målet for offside. Då enda det med eit nytt tap og Aalesund pustar oss i nakken.

Støtta frå tribuna var fantastisk igjen, og me set verkeleg pris på støtta frå dykk. No handlar det om å kjempe i ein kamp om gongen!

No er det landslagspause og neste kamp kjem ikkje før måndag 21. oktober. Då møter me Mjøndalen på bortebane og må ha poeng!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: