Tap mot Åsane
Me gjekk på eit nytt tap i heimekampen mot Åsane A-laget
Det enda med eit nytt tap i heimekampen mot Åsane. Baklengsmål like før pause og like før slutt gjorde at det stod 0-2 på tavla då dommaren blas av kampen. Det betyr at Åsane tek med seg 3 poeng heim til Bergen og me står igjen med 0.
Utgangspunktet før kampen fortalde at dette var ein særs viktig kamp for begge lag, og at det skulle bli ein tøff kamp om poenga. Den fyrste omgangen var også jamn, men dei største sjansane var det karadn som stod for. Diverre fekk me ikkje ballen i mål og like før pause kom det motsett veg i staden. Eirik Lereng fann Kristoffer Barmen i boksen og midtbanemannen banka ballen i mål på volley. Det stod 0-1 til pause.
I andreomgang skapte me også nok sjansar til å kunne få med oss poeng. Stolpe ut og dårlege avslutningar gjorde allikevel at me gjekk mållause av bana. Når Åsane i tillegg satte spikaren i kista 2 minutt før slutt var kampen avgjort. Steffen Lie Skålevik var mannen bak Åsane sin 2. scoring.
No må me nullstille og legge alt fokus inn mot neste kamp. Me møter Kongsvinger borte fyrstkommande laurdag og treng verkeleg poeng i kampen for å halde plassen i OBOS-ligaen.
STAO NO PAO!