Tap mot Bryne
Scoringa til Kristoffer Nessø skapte spenning, men det var ikkje nok mot Bryne A-laget
Scoringa til Kristoffer Nessø i andreomgang skapte spenning, men det var ikkje nok mot Bryne i dag. Dei to måla i fyrsteomgang vart avgjerande for at poenga diverre blir igjen i Bryne.
Kampen opna på verst tenkelege måte når Bryne tok leiinga etter 15 minutt. Fyrst ein stor sjanse for Joakim Nundal som satte ballen i stolpen. I det samme minuttet slo Axel Kryger eit innlegg frå høgresida. Inne i feltet satte ein uheldig Daniel Arrocha ballen i eige mål. Det som kunne vore ein kjempestart vart det motsatte og det stod 1-0.
Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger
Diverre var det Bryne som skulle få det neste målet også. Etter 38 minutt spelt hamna ballen hjå Duarte Moreira. Han banka til på volley, via Eirik Saunes, slik at ballen fekk ein liten retningsforandring fordi Renze Fij. Stillinga til pause var difor 2-0.
Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger
I andreomgang vart det spenning på slutten, men det var diverre ikkje nok for å ta med oss poeng heim. Etter fleire gode moglegheiter kom endeleg scoringa. Sondre Ørjasæter kom seg laus på venstresida og fekk lagt inn framfor mål. Der venta Kristoffer Nessø og banka ballen i mål. 2-1 og nytt håp. Diverre kom det ikkje fleire mål i kampen, og me må ta den lange turen heim utan poeng i bagasjen.
Denne videoen er ikke tilgjengelig lenger
Det var surt og kaldt på Bryne Stadion i kveld. Tusen takk til dei som trossa regnveret for å støtta oss. No er det ein kamp igjen på Fosshaugadn i år. Me har endå kvalikkplassen å kjempa for!
STAO NO PAO!