Tap mot KFUM

Det vart tap mot KFUM på Fosshaugadn i dag

Det enda med 0 poeng og 0-3 tap mot KFUM på Fosshaugadn i dag. Bortelaget tok eit langt steg mot opprykk til Eliteserien, og vart for sterke.

Etter 19 minutt vart Johannes Hummelvoll Nunez spelt fri inne i boksen. Han fekk trilla ballen forbi Renze Fij og i mål. 

Når det var spelt 36 minutt spelte KFUM seg oppover på venstresida. Ballen vart slått hardt inn i feltet og klarert. Bortelaget snappa opp ballen igjen og fekk spelt fri Simen Hestnes som banka ballen i mål. 2-0.

Teodor Berg Haltvik vart bytta inn etter 70 minutt, og ville også notere seg for scoring før kampen var over. Etter 89 minutt spelte KFUM seg fri på venstresida igjen før nemnde Haltvik banka ballen i nettaket. Sluttresultatet vart dermed 0-3.

No gjenstår det to kampar av serien, borte mot Bryne og heime mot Mjøndalen. Me skal gjere det me kan for å skaffe nok poeng til at det blir kvalifiseringsspel på Fosshaugadn igjen. 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: