Tapsrekka er broten og eit viktig poeng blir med heim frå Mjøndalen!

Me får med oss eit særs viktig poeng heim etter 0-0 mot Mjøndalen!

Den viktige bortekampen mot Mjøndalen enda med poengdeling og me har endeleg brote tapsrekka. Det betyr at me tek med oss eit viktig poeng og mange lyspunkt inn mot heimekampen mot Åsane fyrstkommande helg!

Fyrsteomgang var jamnspelt og begge lag skapte sjansar til å sette ballen i mål. Gong på gong kom me til sjansar på kantane, men inne framføre mål ville det seg ikkje. Mjøndalen sin keeper måtte også i aksjon ved fleire høve, men det var mållaust til pause.

I andreomgang gjekk det lenger mellom sjansane, men me var allikevel nær scoring. I løpet av omgangen fekk me også ballen i mål. Debutant i OBOS-ligaen, Viljar Stavø, la inn frå venstre og keeper Thomas Kinn rota ballen inn i eige mål. Diverre vart det dømt frispark mot Per-Egil Flo sjølv om han tilsynelatande ikkje gjorde noko gale i duellen. Små marginar avgjer kampar, og me har diverre ikkje dei med oss for tida. Uansett tek me med oss eit viktig poeng heim og ei god kjensle om at trenden er i ferd med å snu!

Etter kampen fekk me ein prat med hovudtrenar Morten Kalvenes:


Allereie på laurdag kjem Åsane og Eirik Bakke på besøk til Fosshaugadn. Det blir ein ny tøff kamp mellom to lag som treng poenga, og me håpar å sjå dykk på kamp. Tusen takk til dei som tok turen over fjellet på ein måndag for å støtte oss. Det betyr mykje å ha dykk i ryggen uansett kor me reiser! God tur heim, me sjåast på kamp på laurdag!

STAO NO PAO!

Saftkokaradn mot Mjøndalen
 

 

Annonse fra Obos-ligaen: