Tidenes aktivitetsår på Campus – Tusen takk!
Eit år fylt med aktivitet på Fosshaugadn er snart over. Me vil takke alle dei som har bidrege til gjennomføringa av arrangementa!
Det nærmar seg jul og me har snart lagt bak oss tidenes aktivitetsår på Fosshaugane.
- 15 OBOS-kampar + 2 NM kampar – 31752 publikummarar (540.000 tv sjåarar)
- 13 Norsk Tipping-liga kampar
- 24 Nasjonale kampar (G15, G17 og G19)
- 13 kampar på Fosshaugadn for Sogndal FK Damer
- OBOS Camp veka før skulestart med utseld Camp (90 spelarar).
- 8 treningshelgar med 16 ulike klubbar på besøk.
- Ny rekord på Lerum Cup med 325 lag, 2925 spelarar (4000 foreldre) og 826 kampar
- Stor ombygging av Idrettssenteret i sommar. (Investering 15 millionar kroner)
- Nytt kunstgras og anna fornying i Sognahallen i sommar (Investering 8 millionar kroner)
- Stooka-festival med 2075 festivalgjengarar over 2 dagar
- Ny rekord på Kiwi Bama Cup med 158 lag, 1212 spelarar (1000 foreldre) og 316 kampar
- 1200-1300 publikummarar på kvar av kampane Fjøra - Brann og Fjøra FK - Årdal FK
- Vestlandscup i Klatring
- Student NM i Fotball arrangert av Studentspretten med 20 lag.
- Kjempenes liga med heile 43 lag som kjempa om heider og ære
- I 2023 er det spelt ca. 100 handballkampar i Nye Hallen.
- Sone-turnering jenter/gutar 12 og 13 år – 02-03 desember i Sognahallen
I tillegg til alle treningar/seriekampar for 30 lag i klubb, treningssamlingar og sone/krets aktivitet.
I alle desse aktivitetane ligg det eit stort arbeid av personar som er tilsette i klubben og på Campus, men dei aller viktigaste personane i desse arrangementa/aktivitetane er alle dei frivillige som stiller opp.
Det gjeld frivillige, foreldre, spelarar, trenarar, lagleiarar, søsken, besteforeldre, tanter og onklar og ikkje minst Hafslo IL, Kaupanger IL og IL Bjørn som medarrangørar på Lerum Cup.
Utan alle desse kunne me ikkje skapt og gjennomført alle desse arrangementa.
TUSEN TAKK TIL KVAR OG EIN AV DYKK!
Så når du les denne artikkelen og ser på kva møteplassen Fosshaugane Campus er, så vær heilt sikkert på at me kvar einaste dag skal jobbe hardt for at det fortsatt skal være akkurat det.
Sogndal sin store møteplass for alle generasjonar.
STAO NO PAO!
Alle foto: Rune Sjøberg