Tilbake på tabelltopp etter storsiger mot Eid!
Sogndal 2 vann komfortabelt i toppkampen mot Eid Sogndal 2
Det var klart for toppkamp på Fosshaugadn i kveld når Sogndal 2 tok i mot Eid i Kretsligaen. Heimelaget vann til slutt 6-0 i ein godt gjennomført kamp på Fosshaugadn!
Laget som starta dagens kamp var:
Daniel Gjerde Sætren, Johannes Konstali-Lødemel, Emmanuel Olugbe, Gudmund Andresen, Sander Aske Granheim, Kristoffer Haukås Steinset, Marius Årøy, Isaac Twum, Kristian Kongelf, Joakim Nundal og Viljar Stavø.
Sjå oversikt over heile spelarstallen her!
I fyrsteomgang var det Sogndal 2 som kom best i gang. Heimelaget rulla opp fleire angrep tidleg i kampen, og etter berre 9 minutt kom leiarmålet. Ein lang ball nådde Sander Aske Granheim på venstresida. Han spelte tilbake til Kristian Kongelf som drog seg inn og avslutta. Keeper redda, men returen satte Viljar Stavø sikkert i mål.
Sogndal 2 dobla leiinga fyrst etter 38 minutt. Ein corner frå Isaac Twum fann Emmanuel Olugbe i feltet. Midtstopparen fekk stå heilt åleine og satte ballen kontant i mål. Emmanuel scora dermed sitt fyrste mål i Sogndal, og feira med stil!
3 minutt før pause kom det endå ei scoring for heimelaget. Johannes Konstali-Lødemel vart spelt igjennom Eidforsvaret og kom åleine med keeper. Der var høgrebacken sikker, og auka leiinga til 3-0. Det var også stillinga til pause.
Etter pause fortsatte kampen i same spor. Etter 53 minutt spelt var det Kristoffer Haukås Steinset sin tur til å notere seg for scoring. Ute til høgre drog han seg inn i feltet og banka ballen i mål. Dermed stod det 4-0, og karadn var ikkje ferdige.
Marius Årøy ville ikkje vera noko dårlegare enn midtbanekollega Steinset. Etter 57 minutt spelt var det Årøy sin tur til å banke inn ballen frå distanse. Frå godt utanfor 16-meteren la han ballen til rette og sendte avgårde ei kanonkule. 5-0 leiing og god flyt i flott solskin på Fosshaugadn.
Dagens siste scoring kom etter 62 minutt, og det var nok ein gong toppscorar Viljar Stavø som fekk æra av å setje ballen i mål. Heimelaget fekk straffe, og Stavø var like sikker som alltid frå straffemerket. 6-0 vart sluttresultatet og Sogndal 2 overtek tabelltoppen igjen med 3 viktige poeng.
I tillegg til målfest og 3 poeng var det fleire grunnar til å smile etter denne kampen. Daniel Gjerde Sætren var endeleg tilbake mellom stengene etter ein lang skadeperiode, og holdt buret reint. Det er kjekt å sjå Daniel skadefri, og kampklar igjen!
Neste kamp for Sogndal 2 er på bortebane mot Måløy. Kampen skal spelast på Skavøypoll stadion søndag 2. juni klokka 15:00.
STAO NO PAO!
-
12Østli
-
7Bringas75'
-
2S. Heggestad45'
-
5N. Heggestad56'
-
22Kvåle57'
-
15Olsen59'
-
14Ravnestad85'
-
13Flo79'
-
16Duesund60'