Tildeling av prosjektmidlar frå Sparebanken Vest!

Tusen takk til Sparebanken Vest!

I går var breiddekoordinator Kristian Ask og trenar Ole Petter Hatlevoll på plass i lokala til Sparebanken Vest for å motta ein gåvesjekk på 30.000 kr. Dette etter ein innvilga søknad til damelaget om økonomisk støtte til treningsleir i Barcelona.

image00003.jpeg

- Jentene har jobba målretta og lagt ned utallige dugnadstimar for å realisere draumen om treningsleir. Dei har verkeleg stått på og dette sender oss eit langt steg på veg mot gjennomføring av treningsleiren. seier assistenttrenar på damelaget og søkar, Ole Petter Hatlevoll.

Til seansen i banken var det også andre stønadsmottakarar til stades. Sogn U40, Sogndal FK Damer, Sogndal E-sport, Kaupanger IL, Sogn Musikkdagar, Systrond Speidargruppe og Norum Skyttarlag fekk alle presentere sine spennande prosjekt og vart tildelt gåvesjekkar til realisering.

image00002.jpeg

For Kristian og Sogndal Fotball var det viktig å understreke at dette er ein «mindre» sum av totalen generalsponsoren vår Sparebanken Vest bidreg med. Dei er også eigar av prosjektet «Jenter Vil Mer» som har gjeve jentefotballen på heile vestlandet eit løft, samtidig som dei er ein viktig støttepartnar til klubbens daglege drift. Me er audmjukt takknemlege og stolt av å ha ein slik lagspelar!

Tusen takk for dugnadsinnsatsen til spelarane og deira føresette, og ikkje minst Sparebanken Vest for støtta!

Sogndal Fotball ønskjer damelaget lukke til med det siste som skal til for å realisere «draumen» og forhåpentlegvis god tur til Barcelona i haustferien.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: